Hopp til innhold

Sjuke nordmenn på reise risikerer millionrekning

Reiseforsikringa gjeld ikkje dersom du legg ut på tur med alvorleg sjukdom. Likevel tar mange sjansen.

Ambulanse og cruiseskip på Nordfjordeid

Mange blir sjuk på tur. I 2018 betalte forsikringsselskapa ut over ein milliardar kroner i erstatning for sjukdom på reise.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Reiseforsikring dekker sjukdom dersom det skjer akutt og uventa, men dersom du er klar over at du er sjuk før avreise, risikerer du å bli ståande att med rekninga for både sjukehusbehandling og heimreise sjølv.

– Dessverre viser både tala våre og undersøkingar at nordmenn prioriterer å reise, sjølv om dei er sjuke, seier Jon Berge. Han er informasjonsdirektør i forsikringsselskapet If.

kommunikasjonsdirektør Jon Berge

Jon Berge er informasjonsdirektør i forsikringsselskapet If.

Foto: Europeiske

Svært dyrt

Berge seier at dei nyleg har hatt ein kunde som vart innlagt på eit privat sjukehus i USA med ein døgnpris på opp mot 250.000 kroner. Andre har måtte punge ut for ambulansefly for fleire hundre tusen kroner for å kome seg heim.

NRK fortalde historia om alvorleg sjuke cruiseturistar som vil oppleve Noreg før dei døyr, og hamnar på sjukehus.

Berge si erfaring er at også nordmenn har lister over reisemål dei vil sjå før dei døyr.

– Det er ein fin tanke og eg forstår det, men vi har ein del eksempel på at enkelte har blitt så sjuke at dei ikkje kjem seg heim, seier informasjonsdirektøren.

Tal frå Finans Norge viser at forsikringsselskapa betalte ut over ein milliardar kroner i 2018 i erstatning for sjukdom på reise.

Solparasoller i syden

Mange reiser på tur sjølv om dei er sjuke frå før og endar med å bli innlagt på sjukehus i utlandet.

Foto: Lier, Gunnar / SCANPIX

Sjekk først

Han meiner det er viktig å ta kontakt med forsikringsselskapet før avreise dersom ein har ein kjend diagnose, for å få ei avklaring. I mange tilfelle får ein klarsignal til å reise, men ikkje alltid.

Det hender også at reisande får klarsignal frå legen sin, men at tilstanden blir forverra på tur. Berge seier at dei har respekt for det legen seier, men det betyr ikkje at pasienten automatisk er dekt av reiseforsikringa, sjølv om legen meiner at pasienten er frisk nok.

– Legen kan tenke at dette har pasienten godt av, men tenker ikkje på det forsikringsmessige og dei økonomiske utfordringane i etterkant, seier Berge.

Eldre blir sjukast

Det internasjonale selskapet Falck Global Assistance hjelper til når folk på reise har blitt sjuke. Dei erfarer at skadane er mindre kompliserte i skuleferiane fordi dei fleste som drar er i utgangspunktet friske. I resten av året er det hovudsakleg eldre som drar på tur og då kan situasjonen bli mykje meir alvorleg med sjukehusinnlegging og transport heim i ambulansefly.

– Legen kan tenke at ein tur til eit varmt klima er bra for pasienten, men det er ikkje alle som toler reisa. Når ein er skjør frå før skal det mindre til før det blir alvorleg, seier assistansesjef Gry Monica Hellevik.

Ho seier at det finst heilt klart eksempel på folk som aldri burde ha reist.

I tillegg til å sjekke om ein forsikra dersom ein har ein kjend sjukdom frå før, rår Hellevik folk til å dra til EØS-land. Der har nordmenn like rettar som borgarane i landet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL