Hopp til innhold

Sjuk klatrar blei henta ned

I 23-tida i går kveld varsla to klatrarar at dei sata fast på Store Venjetind i Rauma. Ein av klatrarane hadde blitt sjuk, men dei hadde det likevel etter tilhøva bra.

Store Venjetind, Rauma

Hovudredningssentralen blei varsla og eit par timar seinare blei dei to henta ned utan dramatikk, ved hjelp av eit Sea King-helikopter.

Narkotika på festival

I løpet av natta har politiet sikta sju personar for bruk eller for å ha narkotika under ein festival i Molde. Det skal og ha blitt gjort fleire beslag av narkotika.

Også i Ålesund blei ein mann pågripen for å ha narkotika. Det skjedde i morgontimane.

Både i Ålesund og Hareid har rusa personar blitt bortviste frå utestader sentrum i løpet av natta.

I Ålesund blei dessutan to personar brakt inn til arresten, fordi dei ikkje gjorde som dei fekk beskjed om frå politiet.

Ein mann i Fosnavåg må betale for seg, etter at han urinerte på offentleg stad.

Hestar i vegen

Både på Bigset i Hareid og i Ørsta har hestar kome seg ut på vegane. På riksveg 61 på Bigset var det fire hestar som var lause, men her har politiet fått kontakt med eigar, som hentar hestane.

I Ørsta er det ein hest som er laus. Den går på europavegen og politiet prøver å få kontakt med hesteeigaren.