Hopp til innhold

Sjuk fisk blir flytta til Romsdal

1,2 millionar sjuk oppdrettsfisk er no på veg til Sandøy i Romsdal. Fisken har sjukdommen pancreas disease og kjem frå eit anlegg i Nord-Trøndelag. Mattilsynet har gitt opp å hindre at sjukdommen spreier seg i Møre og Romsdal.

Oppdrettslaks

Store mengder sjuk fisk blir no flytta sørover kysten for å hindre at smitten spreier seg nordover.

Foto: Marøy, Terje / SCANPIX

Den frykta fiskesjukdommen gjer at fisken ikkje blir like stor som frisk fisk. Tidlegare har det vore sett i verk tiltak for å hindre spreiing i Møre og Romsdal, men no meiner Mattilsynet dette slaget er tapt og set alt inn på å hindre spreiing til nye område.

Aud Skrudland

Aud Skrudland er veterinær i Mattilsynet.

Foto: Forskningsrådet

– I og med at det er ein kostbar sjukdom for dei anlegga som får den så er det eit mål å halde flest mogleg område fri for denne, seier veterinær i Mattilsynet, Aud Skrudland til NRK

Krav til avlusing

Det var Adressavisa som først omtalte flyttinga. Då sjukdom blei oppdaga i eit anlegg i Nord-Trøndelag var vurderinga difor at det var betre å flytte fisken sørover til eit området som alt har sjukdommen, seier ho.

– Alternativet var at fisken skulle blitt malt opp til dyrefôr eller destruert.

– Er det noko risiko forbunde med flyttinga?

– Fisken er jo smitta av ein sjukdom som kan bryte ut, seier Skrudland.

Ho seier vurderinga har vore basert på at det frå før er tre anlegg i området på Romsdalskysten som har denne smitten. I tillegg har Mattilsynet stilt krav til avlusing, som har vore eit stort problem i fleire anlegg i Nord-Trøndelag.

– Vi har kravd at fisken skal avlusast på vegen, slik at når den kjem til Romsdal, skal den vere heilt fri for lus, seier Skrudland til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL