NRK Meny

Sjuåringen ut av kyrkjeasyl

Den sju år gamle jenta som saman med mor si, har vore i kyrkjeasyl i Spjelkavik kyrkje, blei fredag henta ut av kyrkja av namsmannen, skriv Dagbladet. Jenta blei henta ut av namsmannen saman med mora, og også barnevernstenesta var med. Faren kom til Vigra og møtte dottera, opplyser advokat Sol Elden, som representerer faren. Jenta og mora har vore i kyrkjeasyl i 100 dagar, i samband med at fleire rettsinstansar har bestemt at dei tre borna skulle førast tilbake til den britiske faren deira. Han bur på Mallorca og har dei to andre borna buande hos seg etter rettsavgjersler om det.

Spjelkavik kirke
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK