NRK Meny

Sjuandeplass til Mowinckel

Ragnhild Mowinckel frå Molde leverte godkjent under søndagens Super-G i St. Moritz. Mowinckel hang med i kampen om ein pallplass halvvegs, men tapte tid mot slutten. Ho køyrde til slutt inn til ein sjuande plass, 1.85 sekund bak amerikanske Lindsey Vonn som gjekk av med sigeren.