Hopp til innhold

Ein til sjukehus, seks kunne reise heim

Ein av dei sju personane som var involvert i trafikkulukka i Sunndal i ettermiddag, er sendt til sjukehuset i Molde for nærare sjekk.

Bil som var med i kollisjon i Sunndal

Den eine av dei to bilane som var involverte i trafikkulukka i Sunndal i ettermiddag.

Foto: Ingunn Karijord

Politiet stadfestar at ingen av dei sju som sat i bilane under kollisjonen i Sunndal i ettermiddag, har kome alvorleg til skade.

– Ei kvinne er sendt til sjukehus for ein ekstra sjekk, men heller ikkje ho har kome alvorleg til skade, opplyser operasjonsleiar Kjell Biesmas ved politiet i Normøre og Romsdal.

Det var i 17-tida i at politiet fekk meldinga om at to bilane hadde kollidert ved Snøvassmelan på Rv 70. Alle naudetatar rykte ut, og det oppstod ei tid lange køar på staden.

Dei sju personane som var involverte i ulukka, blei alle sendt til legevakta med ambulanse- og politibilar.

Brannvesenet tok seg av ryddinga på staden, og fekk dirigert trafikken i puljar forbi dei to bilane som stod i vegbanen.

Politiet åtvarar bilistane om at det framleis er glatte vegar i heile distriktet.

Snøvassmelan