Hopp til innhold

Sju personar henta inn av politiet

Til saman sju personar vart sett i arrest hos politiet i Ålesund i natt, på grunn av ordensforstyrring. Fleire av dei skal ha vore på Jugendfest. Ein mann i 20-åra vart pågripen etter å ha kasta ei flaske mot vaktene på festivalen og skal også ha angripe ein tenestemann. Tenestemannen vart lettare skada, og vart sendt til sjukehus for sjekk.