Sju nye smitta i Molde

Molde kommune melder at det er sju nye smittetilfelle i kommunen. Seks av dei er i same familie og vart koronasmitta etter ei reise til Sørvestlandet. Fire personar er sett i karantene, og det blir arbeidd med smittesporing. Den sjuande personen som er smitta har vore på reise på Sørlandet.