Hopp til innhold

Skal diskutere samanslåing

I dag skal sju kommunar i Trøndelag og Møre og Romsdal diskutere ei eventuell samanslåing. – Vi møtest med eit ope sinn, seier Aure-ordførar Ingunn Golmen.

Kommunesamanslåingsmøte

Det er Nordmørskommunane Aure, Smøla og Halsa som i dag går i møte med dei fire trøndelagskommunane Hemne, Hitra, Snillfjord og Frøya. Det er andre gong dei møtest for å drøfte ei eventuell felles framtid, og sist gong gav det meirsmak.

Ingunn Golmen

Ingunn Golmen er ordførar i Aure kommune.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi meiner i alle fall at diskusjonane var så interessante at v er samde om å sondere vidare, seier Golmen om dagens møte.

Vanskelege val

For Aure sin del står valet mellom aust og vest dersom dei ikkje får halde fram som eigen kommune. Dei kan velje å bli ein del av ein større nordmørskommune med Kristiansund som sentrum, eller dei kan gå austover og bli ein del av ein større kystkommune med fleire kommunar i Trøndelag. Og valet blir ikkje lett, seier Golmen.

– Vi er jo ein kommune som for ikkje lenge sidan var to, og dei to delane har kanskje kvar sin naturlege tilknyting. Tustna orienterer seg vestover mot Kristiansund, medan gamle Aure kommune har frå tidlegare ei tilknyting mot Hemne kommune.

– Så gamle band spelar framleis inn?

– Ja, definitivt. Det er jo slik at folk bur dei der bur, og du har jo mest tilknyting til dei områda der du ferdast til dagleg. Og bur du på Nordlandet i Aure er det fem minutt til fylkesgrensa, medan bur du på Tustna tar du ferja over til Kristiansund, seier Golmen.

Håper å kome med tilråding

Sjølv om dagens møte er det andre i rekka, er Golmen tydeleg på at det ikkje er deltakarane her som skal avgjere om eit framtidig samarbeid eller samanslåing er liv laga. Håpet er at dei skal reise heime med ei klar tilråding i bagasjen.

– Vi skal sjå om vi kjem så langt at vi kjem med ei tilråding til kommunestyra våre om vi meiner det er grunn til å greie vidare ut ei slik ordning. Vi som er i møte skal ikkje avgjere om det skal skje.

Ei av dei største utfordringane med ein storkommune på kysten er avstandar. Golmen seier dei veit det blir utfordrande å finne gode løysingar for å knyte saman fleire øysamfunn, men trur eit ferjesamband mellom Aure og Hitra kan gjere det meir interessant.

– Vi ser jo at det er krevjande å samarbeide i ein kommune der du må køyre 128 kilometer frå Aure til Hitra, så det ligg det i korta at vi må få på plass nokre nye vegsamband. Vi har eit spennande næringsliv på begge sider av Trondheimsleia som vi kunne utnytta betre synergieffektane av dersom vi fekk det til.

– No kan det jo virke som om regjeringa har avvist den forma for gulrøter for samanslåing?

– Ja, men skal du hente ut gevinstar må du også vere villig til å sette inn noko på å realisere dei, seier Golmen.