Sju års fengsel for overgrep

Ein mann i 50-åra frå Møre og Romsdal er dømd til fengsel i 7 år for seksuelle overgrep mot barnet sitt. Ifølgje dommen starta overgrepa då jenta berre var fem år gamal, og heldt fram i fleire år med stadige overgrep. Deler av tiltalen er tatt ut etter ordre frå Riksadvokaten. Mannen nekta straffskuld, men blei ikkje trudd av retten. I tillegg til fengselsstraffa må han betale dottera 250 000 kroner i erstatning.