Hopp til innhold

Fiskerinæringa og bønder i klinsj om ny handelsavtale med Storbritannia

Norske sjømatprodusentar vil ha låg toll på britiske landbruksvarer, for å selje meir norsk fisk i Storbritannia. No forhandlar Noreg i kjølvatnet av Brexit

Markrell i frabrikke til Brøndrene Sperre.

VIKTIG EKSPORTVARE: Sjømat Noreg vil ha frihandel med Storbritannia for å selje mest mogleg fisk.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Ved kaia på fiskemottaket til Brødrene Sperre i Ålesund ligg ein britisk trålar og leverer makrell. Fisken blir pakka, fryst og sendt ut i verda.

Samspel med Storbritannia er viktig for den norske fiskerinæringa. Frå 1. januar vart dette samspelet endra. Brexit vart gjennomført, og Noreg måtte ut i forhandlingar om tilgang til den britiske marknaden.

– Noreg bør vere ein pådrivar for låge tollbarrierar. Heile landet vil tene på mest mogleg handel. Då bør ein vurdere å fjerne tollvernet på landbruksvarer, seier Ingrid-Maire Sperre.

Ho er styreleiar i Sjømat Norge, og dagleg leiar i familieverksemda Brødrene Sperre. Den norske sjømatnæringa eksporterer for over 100 milliardar i året.

Inger-Marie Sperre

FISKEEKSPORTØR: Inger-Marie Sperre vil ha lav toll på fisk.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

No er den britiske ambassadøren til Noreg på besøk. Han er på Sunnmøre for å møte den maritime næringa.

– Det er fint å snakke med desse bedriftene som har eit så tett forhold til Storbritannia. Eg tek med synspunkta herifrå tilbake til dei som sit i forhandlingar med Noreg, seier ambassadør Richard Wood.

Den britiske ambassadøren til Noreg, Richard Wood, med tålaren MS Taits i bakgrunnen.

AMBASSADØR: Richard Wood er Storbritannia sin ambassadør til Noreg. Han tek med seg innspel frå det norske næringslivet tilbake til britane sin forhandlingsdelegasjon I bakgrunnen den skotske trålaren MS Taits.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

I dag er det høg toll på import av landbruksvarer til Noreg. Dette meiner Sjømat Noreg må på bordet som eit forhandlingskort i samtalane med Storbritannia.

– Det kan ikkje vere slik at vi ofrar interessene til norsk sjømatnæring for å beskytte norsk landbruk, seier Sperre.

– Norsk landbruk har blødd nok

Litt lenger inne på Sunnmøre, i Bjørdalen i Ørsta fell ikkje utspela i god jord. Odd Bjarne Bjørdal er nestleiar i Møre og Romsdal bondelag. Han blir provosert av utspela frå fiskerinæringa.

– Eg synst det er veldig trist at ein går fram på denne måten. Dei spelar opp til kamp om at vi skal lide, for at dei skal få eksportere mest mogleg fisk, seier Bjørdal.

Odd Bjarne Bjørdal, nestleiar i Møre og Romsdal bondelag , med kyrne sine

BONDE: Odd Magne Bjørdal er uroa for framtida til landbruket i Noreg dersom regjeringa ikkje held fast på høg toll.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Bjørdal driv gard med høns, sau og ammekyr. Han og Sperre har ei ting til felles; begge er matprodusentar. Men i fjøsen i Bjørdalen er det lite som minner om milliardverdiar og ambassadørbesøk.

Om ein fjernar toll på landbruksvarer frå Storbritannia, så kan det bety billig britisk ost i norske butikkhyller. Det vil gå ut over norsk mjølkeproduksjon.

Han meiner fiskerinæringa heller må sjå på kva dei sjølve har å gje frå seg i forhandlingar.

– Dei kan heller bytte vekk fiskekvotar. I staden for å ofre landbruket så kan dei gi litt av sitt eige bord. Dette viser godt korleis fiskerinæringa tenkjer, dei bryr seg berre om å styrke seg sjølve på andre si kostnad, seier Bjørdal.

Håpar avtale er klar i løpet av året

Frå Noreg si side er det Nærings- og fiskeridepartementet som sit med forhandlingsbordet.

Departementet seier til NRK at dei jobbar med å få ferdig forhandlingane så fort som mogleg. Og dei har mål om at avtalen skal tre i kraft i løpet av 2021. Dei vil ikkje seie noko konkret om innhaldet i avtalen.

Statssekretær Lucie Katrine Sunde-Eidem håpar på ein avtale som både bønder og fiskarar vil vere nøgde med.

– Vi jobbar med å kome fram til ei løysing som medfører lågare toll for viktige sjømatprodukt, samstundes som vi tek vare på sensitive norske landbruksinteresser.

Statssekretær Lucie Katrine Sunde-Eidem

SIT I FORHANDLINGAR: Statssekretær Lucie Katrine Sunde-Eidem frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: Nærings-og fiskeridepartementet

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL