Ingeborg (26) må nekte babyen pupp lenge før anbefalt

Når småbarnsmora skal starte på jobb igjen, er ho tvungen til å slutte å amme. Ho er fortvilt over dagens permisjonsreglar.

Ingeborg Andrea Sylte Raanes

Ingeborg Andrea Sylte Raanes gruar seg til å forlate dottera til hausten. Ho skulle ynskje at reglane opna opp for at ho og mannen sjølv kunne bestemme over foreldrepermisjonen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Månadane med ein liten baby i hus går altfor fort. Oddvei Anna er berre fire og ein halv månad, men allereie no har foreldra starta førebuingane til at mamma skal på jobb igjen i haust.

– Eg gruar meg nok mest. Det blir tøffast for meg. Eg kan ikkje kome heim og hjelpe til, seier Ingeborg Andrea Sylte Raanes.

Ho jobbar på sjøen i turnus på fire veker. Ho tar ut både sin del av foreldrepermisjonen og fellesdelen. Likevel føler ho at det ikkje er nok.

– Det er jo eg som er matfatet til babyen og eg er den personen ho kjenner best, seier 26-åringen.

Ingeborg Andrea Sylte Raanes

26-åringen jobbar som hydrograf hos Statens kartverk, der dei samlar inn data og lagar sjøkart.

Foto: privat

Færraste på kontor

Raanes meiner at foreldre sjølv burde ha fått bestemt fordelinga av permisjonen. Då kunne ho ha vore heime lengre og dermed heldt fram amminga.

Norske styresmakter anbefaler at barn blir amma heile det første året, men for småbarnsmora i Ålesund er det heilt umogleg.

Båten køyrer langs heile norskekysten og Svalbard. Dermed er ho langt unna babyen og ein time ammefri per dag hjelp ingenting.

– Permisjonsreglane er ikkje tilpassa alle dei ulike familiane i landet. Ikkje alle har ein A4- jobb på kontor frå åtte til fire, seier 26-åringen. Å ta ulønt permisjon er ikkje eit alternativ for familien.

Likestilte foreldre

Tredelinga har skapt sterke reaksjonar hos foreldre og reglane er ei valkampsak. Fleire parti ynskjer å endre ordninga.

KrF vil utvide permisjonen med fire veker og gi mor moglegheit til å ta ein større del enn dagens reglar tillèt. Sp vil auke mors permisjon og ta dette frå den felles permisjonstida.

Arbeidarpartiet vil behalde dagens tredeling og meiner at dette bidrar til å likestille foreldra både på heimebane og i arbeidslivet.

Anette Trettebergstuen er likestillingspolitisk talsperson for Ap. Ho forstår at situasjonen til Raanes er krevjande.

– Vi ynskjer å vidareføre tredelinga, men det utelukkar ikkje at vi frå ein eventuell regjeringsposisjon vil kunne vurdere unntak i særskilde tilfelle, seier Trettebergstuen.

Anette Trettebergstuen

Anette Trettebergstuen er likestillingspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet. Ho meiner at dagens ordning med tredelt foreldrepermisjon fører til likestilling av foreldra både heime og i arbeidslivet.

Foto: Mimsy Møller / Samfoto

Sjå kva alle partia meiner om foreldrepermisjon i NRK sin valomat:

Velje utradisjonelt

Ingeborg Andrea Sylte Raanes synest det er eit paradoks at kvinner blir oppmoda om å velje utradisjonelle yrke når permisjonsreglane er så lite fleksible.

Ho forstår at fordelinga handlar om likestilling, men i deira heim kjem mannen til å ha åleineansvar for barnet halve året.

Noregs Rederiforbund har som mål å få fleire kvinner inn i maritim næring,

Direktør Harald Solberg seier at dei er glade for at det blir sett søkelys på eventuelle utfordringar.

– Når det gjeld reglane for foreldrepermisjon er vi prisgitt dei rammene som ligg i styresmaktene sine gjeldande reglar til kvar og ein tid, seier Solberg. I løpet av året skal regjeringa legge fram ein likestillingsstrategi for den maritime næringa og Solberg ser fram til at den kjem.

Brystpumpe på båt

I Ålesund er småbarnsmora på trilletur for å få babyen til å sovne. Foreldra prøver å kome inn i faste leggerutinar til pappa skal styre heimen heilt åleine. Den vesle jenta har også begynt å få morsmjølk på flaske for at overgangen ikkje skal kome så brått når mamma reiser.

Det kan vere at Raanes tar med seg brystpumpe på båten og lagrar mjølka til ho kjem heim, men det kjem an på kva arbeidsgivaren seier.

Raanes veit at mange kvinner har slutta jobben til sjøs på grunn av permisjonsreglane.

– Eg har jo draumejobben så eg vil ikkje slutte. Eg skal gjere det beste for å kombinere det, men det blir tøft, seier Raanes.

Ingeborg Andrea Sylte Raanes

Småbarnsmora prøver å få inn faste soverutinar på babyen til ho skal på sjøen om nokre veker.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK