NRK Meny
Normal

Sjøkrigaren Thorseth måtte knele for vêret

Då bårene slo over færingen og vinden herja måtte sjølv den sjøvande eventyraren Ragnar Thorseth (67) ta ein pause.

Ragnar Thorseth legg frå kai i Fosnavåg og ror mot Shetland

Ragnar Thorseth måtte ro mot land igjen når motvinden blei for sterk.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Thorseth skubba seg frå kai i Fosnavåg i ruskete vêr onsdag. Med sjølvsikre grep rundt årene retta han nasen mot Shetland og håpte å kome seg så nært Stad som mogeleg. Han skal ro både fram og tilbake til øygruppa i Skottland – ei rute på dryge 640 kilometer.

Han kom ikkje lenger enn ut av vågen før han måtte endre rute. Motvind og stygg sjø gjorde det umogeleg for han å ro effektivt.

Ragnar Thorseth

Thorseth var sjølvsikker og klar for turen då han møtte pressefolk og andre i Fosnavåg onsdag.

Foto: Lena Høyberg / NRK
Båten til Ragnar Thorseth

Med denne båten ror Thorseth til Shetland.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Det var for mykje vind i mot, og då kjempa sjølv ein gudanes krigar som meg forgjeves, seier eventyraren.

Ventar på vêret

Her er Ragnar Thorseth saman med kona Pen før han set kurs mot Shetland

Her er Thorseth saman med kona Pen før han set kurs mot Shetland.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I natt har han lege heime på Torsethøgda i Herøy for å vente på finare vêr. På telefon til NRK torsdag seier Thorseth at han har søkt seg til hamn for å gjere både båten og seg sjølv betre.

– Dette er ikkje uventa for meg. Eg har vore ute i all slags vêr før. Og sjølv om eg likar å ha kontroll, så kan ikkje eg kontrollere vêret.

Det var Sunnmørsposten som først snakka med eventyraren om pausen i Herøy.

Vil forbi Stadt

Thorseth er klar på at det ikkje var dramatisk – og at han var førebudd på at vêret kunne stikke kjeppar i hjula for turen. Han har nesten tre veker på seg til å kome seg til Utvær i Sogn og Fjordane før han snur båten mot ope hav.

– Det tar berre tre til fire dagar å ro dit. Og det var meininga å bruke den tida på å førebu meg endå meir.

Vêrmeldingane er ikkje gode for verken i dag eller i morgon – men laurdag ser det lovande ut.

– I løpet av laurdagen reknar eg med at både eg og båten er sjøklare igjen. Då skal eg prøve meg på Stad. Men vi får sjå kor langt eg kjem. Eg håper at eg kjem meg ned til Honningsvåg slik at eg får sove første natta i båten der, seier han.

Sjøskvett lak inn i båten

Dagane før han igjen sett seg i båten skal han gjer eit par justeringar på båten. Han fortel også at den stygge sjøen sette båten på prøve, og det tok ikkje lange tida før bårene tvinga seg inn under teltduken som skal tette midtpartiet på båten.

– Eg fekk skikkeleg sjøskvett over båten, og då såg eg at der var eit par glidelåsar som ikkje var heilt tette. Det skal eg rette på i dag, seier han.

Sjå bileta frå då Thorseth starta turen frå Fosvavåg

Ragnar Thorseth
Foto: Lena Høyberg / NRK
Laster kart, vennligst vent...

Dette er ruta som Thorseth skal ro. Sjølv om han fekk ein hard start lover han å vere tilbake 12. august klokka 12.