Hopp til innhold

Sjokkpris på drivstoff i Ålesund

Det har gått som eld i tørt gras; i Ålesund får du bensin og diesel for under ni kroner literen! Drivstoffpumpene går for fullt.

Priskrig på drivstoff i Ålesund

Mange fyller opp både tanken og kanner så lenge priskrigen på drivsstoff held fram i Ålesund. Charles Granlund er ein av mange som tankar opp.

Foto: Brede røsjø / NRK

Bileigarar i Ålesundsområdet har dei to siste dagane fryda seg over rekordbilleg drivstoff. Automatstasjonen Uno-X feira etableringa på Valderøya ved å skru både bensin- og diesel så langt ned på skalaen, at folk knapt trur sine eigne auge. No må andre bensinstasjonar følgje med prisraset.

– Eg sparer fire- fem kroner literen, og tilsaman blir det vel eit par hundre kroner. Det er ikkje så mykje, men litt blir det no, seier Charles Granlund.

Mange har gjort som Granlund; først full tank på bilen og deretter fleire plastkanner i bagasjerommet som blir fylt opp med drivstoff.

Priskrig på bensin og diesel

I dag låg drivstoffprisen i Ålesund under ti kroner literen hos dei fleste forhandlarane.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Priskrigen

Konkurrentar i Ålesund følgjer prisraset eit stykke på veg, og få gjekk over ti kroner per literen i dag. Det er lenge sidan prisen på drivstoff låg under ni kroner per literen.

– Ja, vi følgjer kvarandre når det blir slik. Kundane er veldig nøgde med dette, seier Linn Mari Ommedal, butikksjef Shell Seven 11.

Priskrig på drivstoff i Ålesund

Butikksjef Linn Mari Ommedal ved Shell Seven 11 fortel om mange glade og nøgde kundar dei to siste dagane.

Somme av bensinstasjonane la seg like lågt på prisskalaen som Uno-X, og selde drivstoff for under ni kroner literen.

Taper pengar

Medan kundane er svært så nøgde, vedgår dei som utløyste priskrigen, at dei går med tap.

– No taper vi mykje pengar. Men det er naudsynt skal vi klare å skape tillitt hos kundane. Dei skal vite at vi har dei lågaste drivstoffprisane, seier Thron Sperre Olsen. Han er driftssjef hos Uno-X, drivstoff leverandøren som sette det heile i gang.

Priskrig drivstoff i Ålesund

Sjølv om priskrigen fører til pengetap, er dumping av drivstoffprisen verd det, meiner driftssjef Thron Sperre Olsen hos Uno-X.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Så spørst det då, kor langvarig priskrigen ved drivstoffpumpene blir i Ålesunds-området. Det tør ingen spå.