Sjøfronten i Molde

Støypinga av nye kaier i Molde startar fredag og varer ut året. Interessa for korleis den nye Sjøfronten og Torget blir etter utbygginga er svært stor. – Den vekker stor entusiasme. Vi skal sjølvsagt gjere alt for å skape aktivitet, seier senterleiar ved Moldetorget, Britt Janne Tennøy. – Vi opnar byen mot fjorden, holmane og Molde-panoramaet. Det handlar om å skape aktivitet langs sjøfronten for å få betre byliv, seier Molde-ordførar Torgeir Dahl.

Sjøfronten i Molde
Foto: Illustrasjon Ole A. Krogness