Hopp til innhold

Sjøforklaring om "Skarbak" fredag

Tre personar er kalla inn som vitne i sjøforklaringa i Molde etter kollisjonen mellom kjemikalietankaren "Doris" frå Bergen og sjarken "Skarbak" frå Vesterålen.

Sjarken Skarbak er totalvrak etter kollisjonen
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Vraket av sjarken viser at det var ein kraftig kollisjon. "Skarbak" blei delt i to og styrhuset rive av.

Dei tre som skal forklare seg,  var alle på brua og med på å styre tankskipet Doris. Det er kapteinen, styrmannen og utkiken. Leiar for sjøforklaringa blir sjøfartsinspektør Nils Ivar Sørdal.

I minutta før ulykka var det samtalar mellom tankaren og sjarken. Opptak eller utskrifter frå samtalen kan bli lagde fram i forklaringa fredag.

Så langt er det sett av ein dag til sjøforklaringa. Sjøforklaringa er inga rettssak i vanleg forstand, men det som kjem fram, kan bli avgjerande for om det blir rettssak eller erstatningssak etter ulykka.

Kjemikalietankaren Doris

'Doris' ved kai i Elnesvågen etter ulykka

Foto: Gunnar Sandvik / NRK