NRK Meny
Normal

Sjøforklaring

I dag er det sjøforklaring etter havariet med Bourbon Dolphin.

Sjøforklaring
Foto: Terje Reite

Tre av dei sju overlevande skal forklare seg. Det er styrmann Geir Syversen  frå Fredrikstad, matros Egil Hafsås  frå Stadlandet og matros Per Jan Vike frå Herøy. I tillegg til dei tre overlevande skal kaptein Frank Reiersen frå Tromsø forklare seg. Han er kaptein på same båt, men på eit anna skift.

Nøkkelpersonar

Dei overlevande  blir nøkkelpersonar for å kartleggje årsaka, seier sjøfartsinspektør Nils-Ivar Sørdal. - Dei er jo dei nærmaste til å kunne bidra med noko.  Dei var til stades og følte det som skjedde på kroppen, seier Sørdal.

Konklusjon

Det er sett av ein dag til sjøforklaringa i Ålesund. I tillegg til dei tre overlevande skal kaptein Frank Reiersen frå Tromsø forklare seg. Han er kaptein på same båt, men på eit anna skift. Men desse vitneforklaringane er truleg ikkje nok til å trekkje ein konklusjon om kva som skjedde torsdag kveld for snart to veker sidan.

Heving

Vraket av Bourbon Dolphin ligg no på 1100 meters djup. Det er førebels ikkje avgjort om vraket skal hevast eller ikkje. Båten hadde heller ikkje ferdsskrivar om bord. Dette er eit krav på større båtar, men Bourbon Dolphin var under tonnasjegrensa. - No bør ein vurdere om også mindre båtar på spesialoppdrag bør ha ferdsskrivar, seier sjøfartsinspektøren.