Fiskebåten "Asbjørn Selsbane" frå Nordland kolliderte med eit utanlandskregistrert fryseskip, men varsla sjøfartsdirektoratet først dagen etter.
Underdirektør Reidar Norheim seier dette er i strid med reglane, og at fiskebåten blir kontrollert i Sula i dag.
Ifølgje skipperen på fiskebåten "Asbjørn Selsbane", Leif Jan Johansen, blei dei påkøyrt av eit utanlandskregistrert fryseskip, og tok umiddelbart kontakt med kystradioen, politiet og Kystvakta. Dei trudde det var nok.
Men sjøfartsdirektoratet er ikkje fornøgd. "Asbjørn Selsbane" skal no reparerast i Sula, og kjem då til å få besøk av inspektørar seinare i dag. Det same gjer truleg det andre skipet som no skal vere på veg til Østersjøen. Underdirektør Reidar Norheim seier dei kan vente seg reaksjonar frå sjøfartsinspektøren.