Hopp til innhold

Såg svart røyk kome frå MS «Kong Harald»

Familien Arnesen frå Bergen sat på øvre dekk då Hurtigrute-skipet MS «Kong Harald» fekk problem i havområdet Hustadvika tysdag kveld.

Kong Harald. Framfor ser vi KL Saltfjord

MS «Kong Harald» fekk motorstans då det kryssa havstykket Hustadvika tysdag kveld. Skipet fekk etter kvart start på motoren og kunne halde fram turen mot Molde.

Foto: Argo jr

– Det gynga godt og fleire følte seg sjøsjuke, så vi hadde flytta oss opp på dekk. Plutseleg såg vi svart røyk. Det var slik vi oppdaga at noko skjedde, fortel Ingvill Arnesen og Ian Smith frå Bergen.

Familien Arnesen var om bord i MS «Kong Harald» då dei fekk motorstans.

Tre generasjonar av familien Arnesen frå Bergen var på veg sørover med Hurtigruta då den tysdag kveld fekk problem utanfor Bud i Møre og Romsdal. Dei fortel at dei heile tida fekk god informasjon for mannskapet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Dei og resten av følget på totalt 13 hadde flytta seg opp på øvre dekk på grunn av kraftig sjø. Smith fortel at dei seinare blei orientert om at skipet skal ha vore nokre hundre meter frå land.

– Det var godt at dei fekk ankerfeste og at dei så fekk motorane i gang igjen, seier Smith.

Tallerkenar og glas falt i golvet

Hustadvika utanfor kysten av Møre og Romsdal er eit frykta havområde. Cruiseskipet «Viking Sky» fekk store problem på den same havstrekninga for to år sidan.

Gerd Ellingsæter Rossbach, reiseleiar for Vitus Reiser, hadde ansvar for 60 av passasjerane. Dei var i ferd med å ete middag då dei skjønte at noko var gale.

Gerd Ellingsæter Rossbach, reiseleder Vitus Reiser, om bord på MS Kong Harald ved kai i Molde.

Gerd Ellingsæter Rossbach, reiseleiar for Vitus Reiser, hadde ansvar for 60 av passasjerane om bord i Hurtigrute-skipet.

Foto: Privat

– Det var store bølger, men det hadde vi fått beskjed om at det kunne bli. Tallerkenar og glas falt i golvet. Det var vanskeleg å bevege seg rundt i skipet og vi måtte halde oss fast, men ingen blei skadd, seier Rossbach.

Ho fortel at ingen fekk panikk eller var engstelege.

– Men vi lurte sjølvsagt på kor alvorleg det kunne vere og snakka om det som skjedde med «Viking Sky».

Utsikt fra MS Kong Harald underveis i redningsaksjonen tirsdag kveld.

Dette bildet tok Gerd Ellingsæter Rossbach under seglasen.

Foto: Gerd Ellingsæter Rossbach

Uklart kor lenge skipet blir liggande

Det var seint tysdag kveld at Hurtigruta fekk motorstans. Skipet ligg no til kai i Molde etter den dramatiske redningsaksjonen.

– MS «Kong Harald» blir liggjande i Molde inntil vidare. Vi håper å få ei avklaring på når skipet kan segle vidare i løpet av dagen. Ny avgangstid blir styrande for kva som skjer med både på- og avstigande passasjerar, opplyser Tarjei Kramviken, kommunikasjonsrådgivar i Hurtigruten til NRK.

Hurtigruta MS «Kong Harald» til kai i Molde

Det er så langt uklart kor lenge skipet blir liggande i Molde. Undersøkingar om bord i skipet starta onsdag føremiddag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Leitar etter årsaka

Hurtigrute-skipet går til vanleg i rutetrafikk mellom Bergen og Kirkenes, og var på veg frå Kristiansund til Molde då det fekk problem. Det var 236 passasjerar og eit mannskap på 70 om bord. Ingen personar skal ha blitt fysisk skadd i hendinga.

Inspektørar frå Sjøfartsdirektoratet gjekk om bord i MS «Kong Harald» klokka 10.00 onsdag for å gjennomføre eit tilsyn.

Inspektørar frå Sjøfartsdirektoratet gjekk om bord i MS «Kong Harald» klokka 10.00 onsdag for å gjennomføre eit tilsyn.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Sjøfartsdirektoratet gjekk om bord i MS «Kong Harald» klokka 10.00 onsdag for å gjennomføre eit tilsyn.

Klokka 13.30 kan dei framleis ikkje seie noko om kvifor skipet mista framdrift. Reiarlaget har kome med informasjon om kva som kan vere årsaka til motorstansen, men det er framleis for tidleg å konkludere.

– Vi håpar at dersom det er noko konkret, så kan vi gå kjapt ut med det, og ut ifrå kva reiarlaget ønskjer, finne ut om skipet kan gå vidare, eller om det blir eitt lengre opphald i Molde, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus.

Også Statens havarikommisjon vil gjere sine undersøkingar av skipet. Det bekreftar avdelingsdirektør for sjøfart, Dag Liseth til NRK. Dei skal etter planen gå om bord i skipet, men ventar på om MS «Kong Harald» blir liggande i Molde eller om det seglar vidare mot Bergen.

Tarjei Kramviken i Hurtigruten seier passasjerane blir fortløpande orientert om kva som skjer.

Rosar innsatsen

Sjøfartsdirektoratet rosar innsatsen og beredskapen som blei sett i verk i tysdag kveld.

Lars Alvestad, fungerende direktør i Sjøfartsdirektoratet

ROSAR INNSATSEN: Fungerande sjøfartsdirektør, Lars Alvestad, rosar innsatsen til alle som deltok i redningsaksjonen.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB/Scanpix

– Vi vil rose både kaptein og mannskap om bord som greidde å halde seg roleg, Hovedredningssentralen som koordinerte redningsaksjonen og alle som deltok. Dette viser at vi har gode krefter som stiller opp når ein kritisk situasjon oppstår, seier direktør Lars Alvestad i Sjøfartsdirektoratet.

Han seier at det er tydeleg at ein har lært etter «Viking Sky».

– Det blei reagert raskt og det gjekk veldig fort å samle folk. Beredskapen fungerte godt, både lokalt og sentralt, seier Alvestad.

Ambulansebåt fekk problem

Ambulansebåten Øyvon under slep.

Ambulansebåten «MS Øyvon».

Foto: KJELL STIAN BRUNES

Ambulansebåten «MS Øyvon» grunnstøtte i same området onsdag kveld. Båten fekk ein skade i kjølen. Det var fire personar om bord. Dei skal ikkje vere skadd.

Sjøfartsdirektoratet opplyser at det er uklart når dei kan gå om bord i denne båten.

– Denne blir også følgt opp når det er mogleg. Truleg skjer det torsdag, seier Alvestad.