Hopp til innhold

Sjeldne foto av fjordlandet

Kongressbiblioteket i USA har publisert ei stor mengd av gamle fotografi frå heile verda - også frå Møre og Romsdal!

Romsdalshorn

Romsdalshorn

Foto: Library of Congress

Biblioteket har lagt ut fleire tusen foto på nettstaden Flickr. Der kan du ikkje berre sjå ei vakker samling med bilete frå Noreg omkring 1890-1900, du kan også kommentere bileta og leggje inn opplysningar om dei.

NRKbeta om biletsamlinga

Om heile samlinga

Norske bilete i samlinga

Geirangerfjorden

Geirangerfjorden

Foto: Library of Congress

Fotokrom-trykk

Dette er ikkje vanlege fargefotografi eller handkolorerte fotografi. Bileta er laga ved ein prosess som kan kallast "fotokromtrykk" eller "fotolitografi", ein prosess som nyttar litografiske steinar, ein for kvar farge. Vanlegvis blei det til eitt bilete brukt minst seks steinar, ofte ti og meir.

Postkortmotiv

Desse bileta hadde sin glansperiode i tiåret 1890-1900. Dei hadde gjerne typiske postkortmotiv som interesserte turistar, og blei selde enkeltvis som suvenirar eller monterte i album.

Molde og Romsdalsfjorden

Molde og Romsdalsfjorden. Til venstre for midten: Grand Hotell med tårnet (opna 1884, brann i 1919).

Foto: Library of Congress

Diskusjon

Dette biletet frå Ålesund kring 1890 har skapt debatt på grunn av tidfestinga. Mange meiner biletet må vere noko yngre..

Ålesund anno 1890?
Foto: Kongressbiblioteket i USA

Debatten kring biletet frå Ålesund går her