Sjeldant besøk i Fosnavåg

Ein kvalross har funne vegen så langt sør som til Fosnavåg. Denne kvalrossen har laurdag kveld halde til like ved Vågsholmen i Fosnavåg, melder Vestlandsnytt.

Ragnvald Vågsholm var den første som melde frå om kvalrossen. Først trudde han det var ei nise han såg. Men då han skjønte det var ein kvalross fekk han heilt sjokk, seier han til Vestlandsnytt.

Kvalross i Fosnavåg
Foto: Bjørnar Torvholm Sævik / Vestlandsnytt