Hopp til innhold

Sjekkar fjellparti tre gongar i døgnet

Fjellpartiet Mannen i Romsdal blir gjennom helga sjekka tre gongar i døgnet. I går åtvara geologar om at massar på opptil 40 000 kubikk kan rase ut frå fjellsida når som helst.

Mannen

Dette fjellpartiet ved Mannen kan rase når som helst

Foto: Åknes Tafjord beredskap IKS

Mannen i Rauma er eitt av dei mest overvaka fjellpartia i landet. Radarar og anna måleutstyr er permanent plassert i fjellsida for å varsle om nye rørsler.

I september oppdaga geologane aktivitet i ein ny del av fjellpartiet, litt vest for området der eit større ras ein dag vil komme. Raset er venta å tilsvare 4000 lastebillass og folk i området blei varsla om faren.

Har auka beredskap

Sjølv om raset ifølgje geologane kan gå når som helst, skal det ikkje vere fare for folk. Raset blir stort, men er ikkje venta å bli stort nok til å nå hus eller veg i nærleiken.

Fylkesgeolog Einar Anda

Einar Anda er geolog hos Åknes Tafjord Beredskapssenter.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er Åknes Tafjord Beredskap IKS som har ansvaret for å overvake fjellsida. Gjennom helga har dei auka beredskapen for å fange opp eventuelle endringar. Det seier vakthavande geolog Einar Anda.

– Vi har alltid ein geolog på vakt, men normalt sjekkar vi målingane ein gong i døgnet. No sjekkar vi dette området tre gongar for å vere på den sikre sida, seier han til NRK.

Til no i helga er det ikkje registrert unormal aktivitet i fjellsida.

Ligg i radarskugge

Partiet som kan rase ligg like vest for skredområdet som blir overvaka. Det blei oppdaga i samband med at geologane i september plasserte radarar i nye posisjonar. Anda seier dei ikkje har direkte sikt til området no, men at dei overvakar hovuddelen.

– Sjølve den delen som kan rase no ligg i ein radarskugge. Men vi følgjer med på rørslene der kan forplante seg til resten av området. Vi har ikkje grunn til å tru at det vil skje, men vi vil gjerne vere sikre, seier han.

Måndag skal geologar opp for å plassere ein radar i same posisjon som då rørslene blei oppdaga i september. Dermed kan dei få meir nøyaktig kunnskap om utviklinga.

Blir varsla på sms

I tillegg til dei tre sjekkane i døgnet vil utstyret også melde frå dersom det blir registrert unormale rørsler i raspartiet i Mannen.

– Ved større utslag blir geologane varsla automatisk via sms. Så vi er relativt trygge på at vi fangar opp det som skjer, seier Anda.

I tillegg til å ha ein geolog på vakt er det alltid ei teknisk vakt på jobb for å sikre at alt utstyr fungerer som det skal.