Hopp til innhold

Pingvintjuveriet: Sjekkar overvakingsvideo for seks døgn

Politiet sjekkar overvakingsbilete seks døgn tilbake i samband med pingvintjuveriet ved Akvariet. Fire russ har vedgått at dei tok seg inn til dyra natt til 14. mai. Siste sikre teljing av pingvinane var seks dagar tidlegare.

Yngve Skovly

Politinspektør Yngve Skovly ved Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / nrk

Overvåkningkamera på Atlanterhavsparken

Det er fleire dagar med overvakingsfilm som no blir gjennomgått.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Politiet har hatt god bruk for bileta frå overvakingskamera ved akvariet. Det var ved hjelp av desse bileta dei kunne slå fast at fleire russ hadde tatt seg inn på området.

Sjekkar om andre kan ha vore inne

Sunnmøre politidistrikt opplyser laurdag ettermiddag at den siste offisielle teljinga av pingvinungane vart gjort 8. mai. Årsaka er at fuglane skal ha mest mogleg ro i hekketida, og dei tilsette held difor avstand dersom det ikkje er naudsynt å kome nær rugekassene.

– Det blir etterforska breidt, og mellom anna undersøkjer vi opptak frå dei siste seks dagane for å sjå om det også kan vere andre som har vore inne på området, eventuelt å sjå bort frå dette, seier politiinspektør Yngve Skovly.

Fire er framleis sikta

Overvakingsbilete Atlanerhavsparken

Bilete frå overvakingsvideoen frå Atlanterhavsparken.

Foto: Frå Atlanaterhavsparken sitt kamera

Overvakingsvideoen har vist at sju personar var inne på området.

– Tre av dei sju har status som mistenkte, medan to kvinner og to menn førebels er sikta for brot på dyrevelferdslova, seier Skovly.

Dei fire held framleis fast ved at dei ikkje har tatt med seg pingvinungane, men vedgår at dei har vore på innsida av gjerdet.

Skovly seier dei ønskjer kontakt med personar som kan ha bilete eller andre opplysningar som kan vere av interesse.

– Politiet byggjer ei tidslinje for å få klårleik i kva som har skjedde. I den inngår mellom anna bilete frå beslaglagde mobiltelefonar, avhøyr og tips.