Dette treet gjekk i bakken under stormen 'Ole'.
Foto: Anne-Mari Flatset / NRKTreet som måtte gi tapt for stormen "Ole" var rote i rota. No fryktar kommunen at fleire tre kan vere skadde.
- Les også:
Sigurd Grimstad, Thor Hasselø og Odd Johansen på synfaring ved trea i Kristiansund.
Foto: Anne Mari Flatset / NRKDet står fleire tre av same alder i området. Planen er at desse skal sjekkast så snart som råd.
Foto: Anne Mari Flatset / NRK– Vi må få inn fagfolk som har peiling på dette for å sjekke om trea er friske, for det som fall i helga var rimeleg laust i rota.
Det seier overingeniør Thor Hasselø i Kristiansund kommune.
Dei vil no ta kontakt med trepleiarar som kan undersøkje dei 150 år gamle trea.
– Det er fleire tre som står på samme måten og som er like gamle som det som fall. Vi veit ikkje kvifor det har rotna, så det må vi ha hjelp til å finne ut av, seier Hasselø.