Hopp til innhold

Nedlagde søppelfyllingar blir sjekka for forureina vatn

No skal gamle miljøsynder sjekkast. Ti nedlagde søppelfyllingar i Møre og Romsdal skal undersøkjast for å sikre at det ikkje renn farleg vatn frå dei.

Klemetsrud energigjenvinningsanlegg

ILLUSTRASJONSFOTO. Fyllingane som skal sjekkast har vore brukt til avfallsdeponering, men dei er no tildekte.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Når eit avfallsdeponi blir nedlagt, betyr det ikkje at alt arbeid knytt til søppelhandteringa er over. Ei slik fylling blir som regel dekt til med massar. Denne tildekkinga må vere tett og det må også sikrast at det ikkje går farlege stoff ned i grunnen.

Startar kontroll denne veka

Anne Melbø

Anne Melbø hos Fylkesmannen seier dei ikkje er ute etter å straffe kommunane.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

No startar altså Fylkesmannen og Miljødirektoratet ein stor kontroll av avfallsdeponi som har blitt nedlagde i Møre og Romsdal dei siste 12 åra. Aksjonen startar denne veka, og i alt ti tidlegare fyllingar skal sjekkast.

Overingeniør Anne Melbø hos Fylkesmannen vedgår at det er på høg tid at dette blir gjort.

– Akkurat dei nedlagde deponia har vi nok nedprioritert litt, seier ho til NRK.

Vil ikkje straffe kommunane

Nedlagt avfallsdeponi

I denne aksjonen skal 1o slike nedlagde avfallsdeponi sjekkast - spesielt for sigevatn.

Foto: Fylkesmannen Møre og Romsdal

No skal det takast prøvar av både sigevatnet og tildekkinga. For å unngå at farlege stoff går i grunnen er det nemleg svært viktig at topplaget er tett, slik at minst mogleg vatn går igjennom.

– Det handlar om å vere merksam på at det er viktig å overvake også i ettertid, seier Melbø.

Heller ikkje alle kommunane har vore like flinke til å ha merksamda retta mot dei nedlagde deponia. Målet er ikkje å straffe dei, men at fleire skal jobbe saman for å sikre dette.

– Vi vil ikkje ta kommunane, vi vil hjelpe dei, seier Melbø. –Eg veit at det er mange kommunar som ikkje har gjort alt dei skal, og dei veit at vi veit det. Målet no er å hjelpe kvarandre å bli betre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL