Hopp til innhold

No skal branntryggleiken sjekkast

Statens vegvesen startar straks arbeidet med å kartlegge branntryggleiken i dei 63 fylkesvegtunnelane i fylket.

Brannøvelse i Fannefjordtunnelen

Branntryggleiken i 63 fylkesvegtunnelar i Møre og Romsdal skal no undersøkjast.

Foto: Endre Dahlen/Molde brannvesen

Knut Nauste

Knut Nauste i Statens vegvesen håper å ha klar ei oversikt til våren.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det er ei omfattande kartlegging som skal starte, men mykje av jobben er allereie gjort i høve Nasjonal transportplan tidlegare i år.

Eit samla fylkesting har bede om ei fagleg vurdering av alle tunnelane i fylket.

– Vi treng ei oversikt over kva tiltak dei ulike tunnelane har behov, seier Knut Nauste.

Han er avdelingsdirektør i Statens vegvesen. Målet er å kunne legge fram oversikta til våren eller seinvinteren.

Fannefjordstunnelen prioritert først

Det er Fannefjordtunnelen som har høgst prioritet etter at brannsjefen truga med å stenge tunnelen fordi den er så farleg. Her manglar både brannventilasjon og snuplass for større køyretøy.

– Jobben i denne tunnelen går uavhengig av det andre arbeidet, seier Nauste.

Brannøvelse i Fannefjordtunnelen

Brannøvinga i Fannfjordtunnelen tidlegare i haust avdekte store utfordringar.