Hopp til innhold

Sjekk denne avsløringa

Fleire tjuveri i Herøy er oppklart etter at ein båt ramla av ein båthengar og skada ei bensinpumpe på ein bensinstasjon i Ørsta.

Båt som skada bensinpumpe avslørte tjuveri

Ein båt ramla av ein båthengar og skada ei bensinpumpe på ein bensinstasjon i Ørsta tysdag.

Foto: Sunnmøre politidistrikt

Det opplyser Sunnmøre politidistrikt.

Det som fyrst såg ut som ei enkel sak viste seg å vere mykje meir omfattande enn som så. Dagen var tysdag 2. desember, og klokka hadde bikka 11.00 då det kom inn ei melding til politiet til politiet frå ein bensinstasjon i Ørsta. Ein bil hadde nemleg mista båten av båthengaren og skada ei av bensinpumpene deira.

Politiet rykte ut til staden, men då hadde båten allereie kome opp på hengaren igjen, og dei involverte var reist frå staden.

Ei ulukke etter ei anna

Men politiet i Ørsta gav seg ikkje med det. Etterforsking gjorde at dei oppsøkte ei hytte i Åmdalen i Ørsta der dei trudde gjerningspersonane kunne opphalde seg. Utanfor hytta fann dei ein mann i 30-åra og ei kvinne i slutten av 20-åra.

Her hadde paret fått eit nytt uhell. Dei hadde køyrt fast bilen med båt og båthengar, og var i full gang med å prøve å få desse laus då politiet kom på besøk.

Det heile enda med at politiet rekvirerte bilberging.

– Mannen og kvinna vart arresterte og køyrde til arrest ved Volda og Ørsta lensmannskontor, opplyser Sunnmøre politidistrikt.

Avhøyr avslørte tjuveri

Men den dårlege dagen slutta ikkje der for det uheldige paret. Under avhøyr viste det seg at både båten og båthengaren var stolen frå to ulike eigarar i Herøy.

I tillegg fant politiet tjuvgods som stammar frå eit innbrot ved vassverket i Herøy. Blant anna eit aggregat og ein vinkelslipar er teke i beslag av politiet.

Det blir også oppretta sak mot den eine av dei to på grunn av køyring utan førarkort. Kvinna og mannen er begge kjenningar av politiet.

Sak er oppretta for alle forholda, og noko av tjuvgodset er returnert til eigarane.