Har ikkje utstyr
Han kan fortelle at brannvesenet i Ålesund verken har tilgang på helikopter eller trent mannskap dersom det tar fyr ombord på eit skip i rom sjø. Brannvesenet i Ålesund har kjempa for å få slikt utstyr og opplæring i 15 år. Framleis står dei på ei lang venteliste.
Kostnadane vil ligge på ein million til utstyr, og rundt 80 000 til vedlikehald av utstyret.
200 cruiseskip
Heile 200 cruiseskip med over 150 000 passasjerar vil i sommar besøke Geiranger og Ålesund. I tillegg kjem hurtigruta og anna skipsstrafikk. Tar det fyr ombord, vil ventetida bli lang for dei som er i naud. Personell må hentast enten fra Larvik eller Bergen, noko som minst vil ta ein tre-fire timar. Det er sjølvsagt alt for lang tid når det dreiar seg om ein brann, seier Steinsvik.