Hopp til innhold

Hødd-trenar: – Det er vanskeleg å sette ord på det eg føler no

Hødd tapte 0–5 i den avgjerande kampen mot Sandnes Ulf og rykker dermed ned til 2. divisjon.

Steinar Lein

Hødd-trenar Steinar lein og resten av laget rykker ned til andredivisjon.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

Hødd var avhengig av å vinne søndagens kamp mot Sandnes Ulf for å sikre plassen i 1. divisjon neste år. Dei kunne også ha ein sjanse til å halde seg over nedrykksstreken dersom Ullensaker/Kisa og Bryne ikkje hadde vunne sine kampar, noko dei gjorde.

Hødd må dermed innstille seg på å spele i 2. divisjon neste sesong. Møre og Romsdal har dermed ingen lag i 1. divisjon neste år, ettersom Kristiansund BK rykker opp til eliteserien.

– Det er forferdeleg tungt, det er vanskeleg å sette ord på det eg føler no. Vi hadde ein sjanse til å berge plassen, men det klarte vi ikkje og då er vi sjølvsagt svært skuffa, seier Hødd-trenar Steinar Lein.

– Kva gjekk feil?

– Eg veit ikkje om det er så mykje som går feil med planen vi hadde lagt, men vi er for passive frå start. Spelarane blei prega av situasjonen, og det er klart at når ein ligg under med to mål før det har gått ti minutt så blir det ei mental blokkering vi ikkje greier å løyse opp. Vi løftar oss litt i andre omgang, men det er dessverre ikkje nok, seier Lein.

Laster innhold, vennligst vent..

Tydeleg skuffa

Hødd-kaptein Jesper Törnqvist var tydeleg skuffa etter tapet mot Sandnes Ulf.

Jesper Tørnqvist

Hødd-kaptein Jesper Törnqvist var svært skuffa etter tapet.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

– Akkurat no er alle veldig skuffa. Vi hadde ein plan om å få med oss minst eitt poeng herifrå. Det kjem to kjappe mål på starten, men eg syns vi jobbar oss godt inn i kampen etter det. Vi er berre ikkje gode nok i dag dessverre, seier han.

Törnqvist seier dei har hatt ein tung sesong som ikkje har gått som planlagt.

– Dette blir punktum for ein dårleg sesong der vi har rett og slett ikkje vore gode nok. No skal vi bruke litt tid på å takle nederlaget, og så må vi finne motivasjonen for neste sesong. Alle må ta ansvar og så får vi sjå kva vi må gjere for å kome oss opp igjen, seier han.

Tapte 5–0

Den viktige kampen mot Sandnes Ulf fekk ein dårleg start allereie etter seks minutt då Sandnes-spelar Pontus Engblom sette ballen i mål.

Betre blei det heller ikkje då Sandnes Ulf fekk eit omdiskutert straffespark berre nokre minutt seinare. Dette er det ein av Sandnes sine beste spelarar, Pontus Engblom, som får ta. Straffesparket blir redda av Hødd-keeper Jan Lennart Urke, men dessverre for Hødd, setter Engblom returen og stillinga er dermed 2–0 til Sandnes Ulf etter berre ni spelte minutt.

Og den dårlege trenden stoppa ikkje der. Måla held fram å renne inn i andre omgang. Etter 64 spelte minutt setter Eirik Schulze ballen i mål. Etter 75 minutt scorar Pontus Engblom sitt tredje mål for Sandnes Ulf. 83 minutt ut i kampen er det Aksel Berget Skjølsvik sin tur. Han setter ballen i mål og Hødd ligg dermed under med fem mål. Dette blir også sluttresultatet.

I det 81. minuttet fekk også Hødd-spelar Joakim Wrele raudt kort og Hødd måtte greie seg med ein mann mindre dei siste minutta av kampen.

– Forferdeleg skuffa

Det blei også ein tung dag for supporterklubben til Hødd, Blåsarane.

Atle Moldskred

Atle Moldskred i supporterklubben «Blåsarane» er svært skuffa over at Hødd no rykker ned til 2. divisjon.

Foto: magnus gamlem

– Stemninga er relativt laber og akkurat no er eg forferdeleg skuffa. Det er veldig trist. Av alle uviktige ting er fotball det viktigaste, seier Atle Moldskred i supporterklubben «Blåsarane» til NRK etter kampslutt.

Supporterane hadde ikkje gitt opp håpet om å berge plassen i 1. divisjon, men måtte skuffa sjå laget sitt tape 5–0. No skal «Blåsarane» bruke eitt par dagar på å la det skuffande resultatet søkke inn.

– Og så skal vi sjå framover. Vi skal støtte laget og sørge for at dei rykker opp igjen til 1. divisjon, seier Moldskred.

Laster innhold, vennligst vent..