NRK Meny
Normal

Sjalusien kosta han lappen og 13.000 kroner

Mannen frykta at kjærasten hans skulle møte ein annan mann og trykka gassen i botn.

Illustrasjon

Illustrasjon: I oktober 2015 blei ein mann frå Akershus stoppa etter å ha køyrd 93 km/t i ein 60-sone.

Foto: , Scanpix

Det var i oktober i fjor at mannen frå Akershus hadde vore i Ålesund for å besøke ein venn. På veg heim susa han inn i ei 60-sone på E136 i Rauma. Der blei han stoppa av politiet i ein fartskontroll, og farta blei målt til 93 km/t.

Mannen i 20-åra innrømte å ha køyrd for fort fordi han prøvde å haste seg heim. Årsaka var at han fått beskjed frå sin trulova om at deira felles barn hadde blitt sjuk. Då saka kom opp i Romsdal tingrett var forklaringa derimot ei anna.

– Han ville kome seg raskt heim fordi han mistenkte at hans trulova skulle møte ein annan mann, står det i dommen.

Beslagla våpen

Under trafikkontrollen blei mannen også spurt om han hadde våpen i bilen. Han antok at dette var fordi han tidlegare hadde vore involvert i ei episode med våpen. Han innrømte at han hadde ein defekt softgun i bilen. og denne blei beslaglagt av politiet på staden.

20-åringen blei til slutt dømt til 26 dagars fengsel på vilkår og må betale ei bot på 13.000 kroner. Han mistar også lappen i fem månader.