Frå fredag er det duka for 14 dagars sjakkspenning når verdsmeister Magnus Carlsen skal konkurrere i VM. Det pleier å få stor merksemd har stor effekt på rekrutteringa.
– Vi ser at sjakkinteressa aukar kvar gong når Magnus Carlsen spelar VM-kamp. Då passar det bra at vi arrangerer sjakkfestival dagen før, seier leiar i Kristiansund sjakklubb, Rune Edøy.
365 elevar frå alle barne- og ungdomsskulane i kommunen deltok.
Carlos Mokkelbost er ein ivrig sjakkspelar.– Det er veldig gøy.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKCarlos Mokkelbost synest det er veldig gøy å få spele mot nye barn han ikkje kjenner. Han har tenkt til å få med seg VM-kampane når det begynner.
– Eg likar å sjå på Magnus Carlsen. Han lurer folk, og eg lærer mykje av han, seier Mokkelbost.
Magnus Carlsen er heilt i verdstoppen i sjakk. VM-sendingane begynner kl. 13.30 torsdag 26. november.
Foto: TOLGA AKMEN / AFPLærer seg å tape
På Bjerkelund skole deltok meir enn ein fjerdedel av elevane i turneringa. Der brukar dei også spelet i mattetimane.
– Dei er ivrige og interessa er veldig stor på alle trinna. Det er ikkje alle som spelar fotball og handball, då synest eg det er bra at dei også får eit tilbod, seier lærar Tina Storbukt.
Tina Storbukt er lærar på Bjerkelund skole.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKSidan 2015 har Norges sjakkforbund hatt eit tilbod til grunnskulane med kursing av lærarane og nasjonale turneringar. Dei meiner sjakk er ein inkluderande og sosial aktivitet der alder, fysikk, språk, kultur og kjønn har mindre å seie, noko som passar godt i skulen.
Å lære sjakk gir gode haldningar som særleg dei yngste ungane har veldig godt av, meiner Storbukt.
– Dei lærer seg korleis ein skal forhalde seg til andre, å fokusere, og ikkje minst det å tape. Men at ein skal seie takk for kampen, seier Storbukt.
365 elevar deltok på Sparebanken Møre Barnesjakkfestival i Dahlehallen i Kristiansund.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKTrur på dobling
Det er blitt ein enorm interesse for sjakk i Kristiansund, ifølge lokal «sjakkgeneral» Roger Hojem. Han trur dei vil kunne få dobbelt så mange deltakarar i 2022, om ikkje korona er i vegen. Rekorden for barnesjakk er det dei sjølv som har, 425 deltakarar i 2017.
– Mykje har skjedd sida eg begynte i klubben på 80-talet. Det har vore veldige flinke folk i som har drive sjakkopplæring på skulane i mange år, delt ut brett brikker, klokkar og arrangert turneringar, seier Hojem.
Roger Hojem i Kristiansund sjakklubb, som blei etablert så tidleg som 1917.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKHan trur også Magnus Carlsen har sørga for mykje dragkraft. Han har vore på besøk i Kristiansund to gonger, og skal ha ført til «Elvis»-tilstandar da han besøkte ein barneskule i 2010.
– Det viktigaste er at elevane kjem heim til mor og far og har hatt det artig. Mange prøver sporten for første gang, og eg ser gleda, utstrålinga, energien hos dei, seier Hojem.