Hopp til innhold

Då politiet såg dette, blei sjåføren i 80-åra stoppa momentant

Den eldre kvinna måtte sette frå seg bilen på flekken då ho blei stansa av politiet. – Alt for tidleg å legge bort isskrapa, varslar meteorologen.

Nedisa frontrute

Kvinna som måndag køyrde denne bilen, blei stoppa av politiet. No er ho utan førarkort.

Foto: Politiet

Det var ein tilfeldig politipatrulje som skal ha møtt på den kvinnelege bilisten på glatta på Nordmøre måndag kveld. Då dei såg at den eldre bilisten berre hadde ei lita luke å titte ut gjennom, blei ho stoppa resolutt.

– Det er glatt og mørkt ute og kjempetrafikkfarleg. Vi ser på dette som eit grovt brot på vegtrafikklova. Det er stor fare for at det kan skje ei trafikkulykke når du køyrer på den måten, seier operasjonsleiar Sindre Molnes ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Måndag kveld måtte kvinna i 80-åra gje frå seg førarkortet på staden.

Sindre Molnes

Operasjonsleiar Sindre Molnes seier det er stor fare for å hamne i ei trafikkulykke om bilvindauga er nedisa.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kloremerke på vindauget

På dei oppsiktsvekkjande bilda som politiet tok måndag kveld ser det ut for at det er gjort lite for å få vekk isen frå frontruta. Rett framfor nasen på sjåføren er det fleire loddrette kloremerke, men det er uvisst om kvinna har forsøkt å skrape før ho sette seg i bilen.

– Det er vel eit lite felt det kan vere eit lite gløtt, men det er svært vanskeleg å sjå ut gjennom den frontruta, seier Molnes skaka.

Kvinna er no mistenkt for brot på Vegtrafikklova, paragraf 3. Der heiter det:

«Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret».

Strafferamma for denne typen lovbrot er bøter eller fengsel inntil eitt år.

Vindusrute med is

Politiet har tatt desse bilda innafrå bilen som blei stoppa måndag kveld.

Foto: Politiet

For tidleg å legge bort snøskrapa

Det har vore vekslande ver over store deler av landet dei siste vekene. Slik blir det framleis.

Vakthavande meteorolog Ingrid Bentsen ved Vervarslinga på Vestlandet seier det er for tidleg å legge bort isskrapa.

– Nei, det kan ein nok ikkje. Ein må nok vente til påske eller endå lenger. Det vil nok halde fram med temperaturar over og under null også dei neste vekene, seier ho.

Ho seier det er fare for nedbør som snø over store deler av landet frå onsdag, med sludd eller regn på kysten. Då kan det bli lokalt vanskelege køyreforhold.

Les også: Snøvær i Agder – flere vogntog kjørte seg fast

Stans i Osestadbakken i Lyngdal
Stans i Osestadbakken i Lyngdal

Skal ha køyrt ein kilometer

Ifølgje politiet skal den kvinnelege sjåføren i 80-åra ha køyrt om lag ein kilometer før ho blei stoppa av politiet på Nordmøre.

Operasjonsleiaren veit ikkje kvar ho var på veg.

Det ligg snø og is på vegane over store deler av landet, og fleire stader er det sendt ut farevarsel.

Les også: De beste tipsene for en isfri bilrute denne vinteren

Frontrute dekket med is, med kun et lite hull for å se igjennom.
Frontrute dekket med is, med kun et lite hull for å se igjennom.