Hopp til innhold

Utan tipset frå Ole Kristian kunne dette gått ille

Statens vegvesen takkar yrkessjåføren for at han tipsa om raset som gjekk mellom Sunndalsøra og Oppdal. – Det forhindra at nokon blei skada, seier Emilie Gynnild i Vegtrafikksentralen.

Ras i Gråura

SPERRA VEGEN: Entreprenøren antyda at det rasa ut mellom 300 og 500 kubikk med stein ved raset i Gråura på riksveg 70 i mars.

Foto: Bent Ovesen

I slutten av mars blei riksveg 70 stengt på strekninga Sunndalsøra–Oppdal på grunn av rasfare ved Gråura. Like før hadde yrkessjåføren Ole Kristian Hammervoll tipsa Vegtrafikksentralen (VTS) om det som var i ferd med å skje.

Emilie Gynnhild

TAKKNEMLEG: Emilie Gynnild hos Vegtrafikksentralen håper fleire vil gjere som Hammervoll, og ringe 175 for å tipse dei om potensielle farar.

Foto: Rune Eian / Statens vegvesen

– Det gjorde at vi fekk varsla entreprenøren som rykka ut kjapt og stengde vegen. Det forhindra at nokon blei skadd i raset, seier leiaren i VTS, Emilie Gynnild.

Statens vegvesen har no gått ut på Facebook for å takke Hammervoll for den viktige jobben han gjorde.

Sjå videoen frå Statens vegvesen som blant anna viser dramatikken då raset gjekk:

Dramatiske timar

– Eg stoppa og rygga tilbake, for eg blei litt nysgjerrig då eg kjente at eg køyrde over noko, seier Hammervoll i filmen.

Han beskriv lydane han høyrde som svakt torevêr, og forklarer at det blei meir og meir lyd. Etter kvart høyrde han også at småstein kom nedover fjellsida.

Hammervoll fekk varsla fleire bilistar som var på veg forbi. Etter at entreprenøren kom til staden tenkte han å køyre vidare, men blei stoppa i grevens tid.

– I det eg sette meg i bilen for å køyre gjekk dei ut i vegen for å stoppe meg, fordi det kom meir stein ned i vegbana så dei valde å stenge vegen.

– 20–30 minutt etterpå kom heile fjellhammaren her rasande ned i vegen, forklarer Hammervoll.

Ole Kristian Hammervoll

VARSLA: Ole Kristian Hammervoll forstod at noko var på gang, og gav beskjed til Vegtrafikksentralen.

Foto: Rune Eian / Statens vegvesen

– Tips kan redde liv

Vegtrafikksentralen seier at slike tips kan redde liv, men at dei dessverre ikkje får så mange tips som dei ønsker seg.

– Ei av utfordringane er at folk ikkje kjenner til telefonnummeret vårt. Viss vi får telefon direkte til oss blir det lettare å sende riktig personell og utstyr til staden, seier Emilie Gynnild.

Vegtrafikksentralen får omtrent 34.000 telefonar i året. Men berre 40 prosent av dei er tips. Størsteparten er telefonar frå folk som har spørsmål.

– Vi håper fleire vil ringe 175 for å tipse oss, viss dei opplever noko som kan vere til fare for andre. Det er også mogleg å finne oppdaterte trafikkmeldinger på 175.no, legg ho til.