Hopp til innhold

Sjå Vassendgutane på TV fredag kveld

I beste sendetid på fredagskvelden kan du sjå Vassendgutane på TV. Vassendgutane spelte på jubileumskonserten til Ole Ivars i oktober. NRK gjorde opptak, og dette blei til eit eige program med Vassendgutane.

Bli med på konsert med bandet fra bygda Åmdalen i Ørsta som de siste årene har tatt landet med storm. De kaller musikken for "fest-country", og med gode originale tekster og fengende musikk inviterer gruppen til konsert og dans.

Her kjem programmet om Vassendgutane straks det er tilgjengeleg fredag kveld klokka 21.30.

Programmet går på hovudkanalen NRK1, rett etter Nytt på Nytt og før Detektimen.

Bassist og vokalist Sindre Aam er svært fornøgd med at Vassendgutane no kjem på TV igjen.

– Dette er kjempesvært for oss. Vi spelte på jubileumskonserten til Ole Ivars. NRK var der og filme, og fortalde at dei kanskje skulle bruke opptaka med oss også. Og opptaka har vore så gode at NRK har valt å bruke dei, seier ein glad Sindre Aam.

Aam karakteriserer dette som ein skikkeleg Vassendkveld. Dei hadde slett ikkje planlagt at dette skulle bli til TV-program, men slik har det altså blitt.

– Dette er god sendetid som vi berre kunne drøyme om, og vi er veldig fornøgde med dette, seier han.

Vassendgutane har lagt ein aktiv haust bak seg. Sindre Aam fortel at dei har hatt berre to frihelgar sidan juli.

Og no står jula for døra, med konsertar i både Sykkylven og Vanylven, seier han.

Festcountrybandet frå Åmdalen arbeider med ny plate som kjem i mai.

Vi føle vi har fole til medvind for tida. Neste sommar er alt fullbooka, seier ein oppglødd Sindre Aam.

Norsk underholdningsdokumentar.
Hvordan kan det være mulig at et norsk band som aldri har hatt platekontrakt er blitt et av Norges mestselgende band? Det har i alle fall skjedd med en gjeng bygdegutter fra lille Åmdalen på Sunnmøre. De trodde de kom til å spille på en bygdefest eller to. Nå ligger de helt i toppen på salgslistene og er et av de norske bandene som tilbakelegger flest kilometer på turné.

Mens du ventar på programmet, kan du sjå Vassendgutane her.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL