Hopp til innhold

Sjå valsendinga for Møre og Romsdal

NRK Møre og Romsdal sender direkte «Valnatt 2013» frå studio i Ålesund. Sendinga ser du direkte her på nrk.no/mr.

Valg sending

Bibbi Kjølås er programleiar for valsendinga.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat 2013 for Møre og Romsdal» i nytt vindu

Skal du få med deg detaljane, resultata og kommentarane er det her du må vere måndagskvelden. Sendinga tek til klokka 21.00, og varer til samansetjinga av Mørebenken langt på veg er klar.

Programleiar er Bibbi Kjølås. Trond Vestre er kommentator. Bergljot Hjorthol er reporter.

I sendinga blir det underhaldning, reportasjar og ikkje minst førebelse og etter kvart endelege valresultat. Det blir både lokale resultat og resultat på riksplan, men diskusjonar og presentasjonar gjennom kvelden.

Stort sett heile den mest sentrale delen av det politiske Møre og Romsdal er samla i lokala til NRK Møre og Romsdal denne kvelden.

Sendinga går her på nettsidene til NRK Møre og Romsdal. I løpet av måndag kveld vil du sjå at nettsida og artiklane får litt endra utsjånad. Dermed kan du både følgje sendinga, klikke deg inn på resutattenesta og du kan lese artiklar.

Fortløpande vil vi også servere videoklipp frå sendinga. Dersom du held deg her på nrk.no/mr skal du ikkje gå glipp av noko.

Valg sending

Her kan du no sjå valsendinga.

Foto: Terje Reite / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL