NRK Meny
Normal

Styret skal i dag avgjere om dei vil ha eitt felles sjukehus

Det har vore ein bitter sjukehusstrid på Nordmøre og i Romsdal dei siste åra. I dag skal styret i Helse Møre og Romsdal seie om dei vil ha eitt felles sjukehus.

Styret behandlar direktøren sitt framlegg til sjukehusstruktur på Nordmøre og i Romsdal.

Frå klokka 10 kan du sjå styremøtet direkte her.

Styret i Helse Møre og Romsdal skal i dag bli samde om sjukehusstrukturen i Møre og Romsdal. Direktør Astrid Eidsvik vil ha eitt, felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal plassert bynært anten Molde eller Kristiansund. Sjukehusstriden i Møre og Romsdal har vore bitter i fleire år og no nærmar det seg ei løysing.

Lite trykk

Astrid Eidsvik, John Harry Kvalshaug, Petter Bjørdal

Astrid Eidsvik, Jon Harry Kvalshaug og Petter Bjørdal skal i dag seie sitt om sjukehusstrukturen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Styreleiar Jon Harry Kvalshaug hadde trudd pågangen skulle blir større etter innstillinga frå sjukehusdirektøren i førre veke.

– Eg hadde venta større trykk rundt saka, men eg trur den breie informasjonen som har gått ut til publikum i heile haust, har tatt av for trykket, seier Kvalshaug.

Valde ikkje tomt

Då sjukehusdirektøren la fram sitt forslag, var ho ikkje meir spesifikk enn at ho sa at det felles sjukehuset burde ligge på aksen frå og med Hjelset til og med søre del av Frei. Det har skuffa mange at ho ikkje valde stad, og heller ikkje i dag vil styret gå inn på kvar sjukehuset skal ligge.

Plassering av felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal

Det nye akuttsjukehuset skal ligge ein stad på aksen mellom Hjelset og søre delen av Frei.

Foto: NRK

– Vi skal ha eit geografisk område og så skal sjølve tomteplasseringa bli ein eigen prosess, seier styreleiaren. Den prosessen kan ta mellom halvanna og to år.

LES OGSÅ:

Vert vedtekaket i dag likt direktøren si innstilling?

– Det skal ikkje eg ha noko formeining om. Det er det vedtaket som har fleirtal når klubba fell som er retningsgivande, seier Kvalshaug.

Saka skal handsamast i Helse Midt fredag 14. desember.