Hopp til innhold

Her brenner fylkets største sankthansbål

Dei har jobba med Slinningsbålet i over ein månad. I dag sette dei fyr på det over 33 meter høge bålet på Slinningsodden i Ålesund.

sl

FULL FYR; Slinningsbålet i fyr og flammar.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Sjå fleire bilete nedst i saka.

Slinningsbålet - Alexander Slinning

BÅLSJEFEN: Alexander Slinning var godt nøgd med årets innsats.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Det er ikkje sankthans, eller midtsommar utan Slinningsbålet, seier bålsjef Alexander Slinning.

Fleire hundre dugnadstimar, samhald, slit og seine kveldar. I kveld fekk dei endeleg sjå resultatet av alt det harde arbeidet gå opp i flammar.

– Dette er utruleg kjekt. Du får ei ganske god kjensle av å sjå bålet brenne, seier ein nøgd Slinning.

Nærare tusen menneske hadde møtt opp for å sjå tenning av det tradisjonelle Slinningsbålet. Både på land og i båtar ute i hamna var det fullt av folk.

Kom i mål i morgontimane

Bygginga av sankthansbålet har vore ein tradisjon i ei årerekke, og samlar store og små til dugnad kvart år. Bålet er det største jonsokbålet i heile fylket, og i 2010 kunne bålet også smykke seg med tittelen, verdas høgaste bål.

Årets bål målte over 33 meter høgt, og er eit av dei breiaste båla dei har laga på over tjue år. Då bålbyggarane gav seg i 9 tida laurdag morgon, hadde dei stått på i over 18 timar for å fullføre bålet.

Saka held fram etter bilete.

slinning

OPPMØTE: Mange hadde tatt turen for å sjå tenninga av Slinningsbålet i kveld.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / nrk

Mykje hardt arbeid ligg bak det populære Slinningsbålet, som kvart år samlar fleire tusen menneske på Slinningsodden. Det var ein sliten, men glad bålsjef som laurdag kveld kunne sjå bålet ta fyr.

– Det er verdt slitet. Slinningsbålet har ei samlande effekt, og det er mange som får stor glede av bålet. Då føler vi at vi får igjen noko for innsatsen vår, seier Slinning.

Samhald og dugnad

For det er nettopp eit sterkt samhald og ei dugnadsånd som aldri sluttar å gi, som er noko av suksessen bak den 100 år gamle tradisjonen.

– Folk har sponsa oss med blant anna regnklede, mat og drikke. Det er ingen tvil om at det er eit stort engasjement rundt Slinningsbålet. Det betyr utruleg mykje å sjå at folk sett pris på den innsatsen vi gjer, seier Slinning.

Slinning

UTVALDE: Her tenner dei fire utvalde det tradisjonsrike Slinningsbålet.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Det var fire av båtbyggarane som hadde stått på aller mest som fekk det ærefulle oppdraget av å tende på bålet.

– Vi brukar å velje nokon som har utmerka seg på eit eller anna vis, og det har desse fire gjort, seier Slinning.

Mykje regn den siste veka har skapt fleire utfordringar for bål byggarane. Også i dag har det regna mykje. Men etter eit par forsøk fekk dei fyr på bålet, til stor jubel frå dei frammøtte. Slinning var likevel ikkje redd for at bålet ikkje skulle ta fyr.

– Vi har alltid nokre ekstra knep på lur dersom det skulle oppstå nokre problem, brenne skal det uansett, seier han lattermild.

– Vi har nokre gode hobbypyroteknikkar, held han fram.