Hopp til innhold

Startar slepet av MS Nordlys på onsdag

Det er no bestemt at hurtigruteskipet MS Nordlys vert slept til Fiskerstrand Verft onsdag føremiddag.

Hurtigruta Nordlys

VED KAI: MS Nordlys ligg framleis ved kai i Ålesund. Onsdag startar slepet til Fiskerstrand Verft.

Foto: Terje Reite / NRK

Sjå MS Nordlys bli slept til verftet onsdag:

Video Nordlys blir slept til verksted

Sjå Nordlys bli slept til verksted onsdag

Ved verftet på Fiskerstrand i Sula kommune skal dei kartlegga kor omfattande skadane på hurtigruteskipet er.

Driftsdirektør i Hurtigruten ASA Dag-Arne Wenzel, seier dei må finna skadeomfanget før reiarlaget bestemmer seg for kva verft som skal utføre reparasjonsarbeidet.

Hurtigruteskipet Nordlys brenn ved kai

HURTIGRUTA BRENN: MS Nordlys ved kai torsdag føremiddag medan det endå brenn om bord.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Ut på anbod

Når det er kartlagt kor store skadane på MS Nordlys er skal reparasjonsarbeidet ut på anbod. Kven som kjem til å utføra reparasjonane etter brannen torsdag er derfor ikkje avgjort.

Sjøfartsdirektoratet gir i første omgang berre løyve til å slepe hurtigruteskipet til Fiskerstrand utanfor Ålesund. Det vert gjort onsdag føremiddag.

Tømmer framleis skipet

Lossing av hurtigruten

LOSSING: Måndag fekk passasjerane som var i Ålesund igjen bagasjen sin.

Foto: Pål Kristian Lindset / NRK

– Det står att noko arbeid med å tømme skipet for bilar og last. Og me hentar endå ut passasjerane sine eigedelar frå lugarane. Den jobben er det mannskapet om bord og politiet som samarbeidar om, seier Wenzel til NRK.

Det er slepebåtar frå selskapet Buksér og Berging som skal frakte MS Nordlys frå Skansekaia i Ålesund til Fiskerstrand Verft, som ligg 22 kilometer utanfor Ålesund.

Grønt lys frå direktoratet

Eilif Fjon i Sjøfartsdirektoratet

GIR GRØNT LYS: Sjøfartsdirektortatet gir slepeløyve for MS Nordlys i løpet av dagen, seier Eilif Fjon.

Foto: Vaagefoto.no

Sjøfartsdirektoratet vart måndag ettermiddag ferdig med botnundersøkingane sine av hurtigruteskipet, og konkluderte med at skipet var i god nok stand til å tåle eit slep.

– Sjøfartsdirektoratet ventar på tilbakemelding frå reiarlaget på eit par punkt før me kan gi slepeløyve for MS Nordlys. Det kjem mest sannsynleg til å skje i løpet av dagen, seier kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Eilif Fjon til NRK.

Slepeløyvet som vert gitt for hurtigruteskipet gjeld til Fiskerstrand.

– Viss reiarlaget vil utføra reparasjonane på MS Nordlys ved eit anna verft treng dei nytt løyve frå direktoratet, fortel Fjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL