Hopp til innhold

Sjå RS «Erik Bye» sine opptak frå redningsaksjonen

Sjå RS «Erik Bye» sine eigne opptak frå då dei saman med båten «Poseidon» redda ni fiskarar i kuling på Hustadvika like utanfor Averøya.

RS «Erik Bye» sine eigne opptak frå då dei saman med båten «Poseidon» redda ni fiskarar i kuling på Hustadvika like utanfor Averøya.

Redningsskøyta og båten "Poseidon" redda ni fiskarar i kuling på Hustadvika like utanfor Averøya. Her har redningsskøyta plukka opp tre av fiskarane.

Det var seint laurdag kveld fiskebåten «Leif Roald» gjekk på grunn på skjæret Braken like vest for Hestskjæret. Mannskapet på ni hadde gått i redningsflåten da redningsskøyta «Erik Bye» kom til staden rundt klokka 22.00 laurdag kveld.

«Leif Roald» gjekk først på skjæret, før havet trakk den ut igjen. Etter fyrst å ha lege med kraftig krenging, gjekk den til slutt rundt og blei liggjande med kjølen i været. Det er enno ikkje klart kva som var årsaka til at båten gjekk på grunn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL