Torsdag kveld hadde NRK Møre og Romsdal i samarbeid med Vikebladet og Tidens Krav ei direktesendt nettsending fylt av intervju med trenera, spelarar og leiarar i Hødd IL og Kristiansund Ballklubb.
Årets 1. divisjon blir sparka i gang til helga og begge laga frå fylket er venta å hevde seg heilt i toppen av divisjonen.
Både Hødd og Kristiansund var blant toppklubbane i fjorårets 1. divisjon. Begge laga kom seg til kvalifiseringsspelet, og hadde dermed ein reell sjanse til spel i eliteserien. Dei lukkast nesten i fjor, og i år har dei ambisjonar om å bli minst like gode.
I toppen av saka kan du sjå heile direktesendinga på nytt.
- Les også:
- Les også: