NRK Meny
Normal

Molde til NM-semifinale

Null mål før pause, men i andre omgang scora Molde to. Det var nok til siger over Mjøndalen og avansement i cupen.

Zlatko Tripic

Zlatko Tripic sikra Molde-sigeren med 2-0-scoringa i det 82. minutt.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Tidleg i første omgang fekk Mjøndalen ei scoring annulert, medan Molde har spelt seg til fleire store målsjansar utover i omgangen. Scoringar blei det derimot ikkje i første omgang på Aker Stadion.

I andre omgang kom Molde-leiinga etter berre tre spelte minutt. Etter ein corner raga Even Hovland høgst i feltet og stanga inn 1-0. Etter 82 minutt kom 2-0 då Zlatko Tripic tuppa inn mål nummer to.

Gode i cupen, dårlege i serien

Aalesund mot Molde, Solskjær/Hussain

Etzaz Hussain (t.h.) er den einaste spelaren som har starta alle Molde sine NM-kampar så langt. Her saman med manager Ole Gunnar Solskjær.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Molde har slite i Eliteserien i år, men i cupen har det gått strykande.

I 1. runde av NM blei det 5-0-siger over Elnesvågen, før det blei 5-1-siger over Byåsen i 2. runde.

I 3. runde gjekk Molde vidare med eit naudskrik, då Hødd blei slått etter straffespark. I førre cuprunde blei det ein sterk 6-0-siger borte mot Ranheim.

Då kvartfinalane i NM 2013 blei trekt, var Molde kanskje litt heldige. Dei trekte årets cupoverrasking Mjøndalen. I tillegg blei det heimekamp.

Molde: Ørjan Håskjold Nyland - Martin Linnes, Joona Toivio, Even Hovland, Magne Simonsen - Etzaz Hussain, Emmanuel Ekpo, Mattias Moström - Zlatko Tripic, Daniel Chima Chukwu, Jo Inge Berget.

Mjøndalen: Ivar Andreas Forn - Joackim Solberg Olsen, Kristian Flittie Onstad, Stian Semb Aasmundsen, Morten Sundli - Bjarne K. Ingebregtsen, Christian Gauseth, Anders Karlsen - Mads A. Hansen, Pål A. Kirkevold, Vamouti Diomande.

Kvartfinale NM: Molde-Mjøndalen