Hopp til innhold

Sjå lommetjuven sine triks: Slik blir du lurt

Politimannen blei rundstelt på eit blunk. Her får du lommetjuvens beste triks - om korleis du kan unngå å bli lurt.

Politiets sikkerhetsleder for Tall Ships Races i Ålesund Frode Haugen sammen med den profesjonelle lommetjuven Kenny Quinn.

Lommetjuv stjeler fra politimann

Kenny Quinn er kjapt ute med å avleie merksemda før han forsyner seg av lommene til dagens offer.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Kenny Quinn har lært triksa sine frå ein gamal meister. Så god har han blitt, at han til dagleg viser fram triksa sine i sirkusmanesjen.

– Alt eg tar frå publikum, får dei tilbake, forsikrar han.

– Eg viser berre fram kva som er mogleg, så folk veit at dei må vere merksame.

I samarbeid med politiet i Ålesund viste han i dag korleis han enkelt kan plukke reint lommene – også til ein driven etterforskar.

Tok nøklane til politihuset

Lommetjuv stjeler fra politimann

Det er fort gjort å stele det meste av innhaldet i lommene.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Du må hugse å passe på klokka di, seier Quinn, medan han held fram med å snakke. Frode Haugen nikkar, og følgjer med. Likevel forsvinn både bilnøklane, lommeboka og nøklane til politihuset på få sekund.

Sikkerhetssjef i politiet for Tall Ships Races Frode Haugen

Frode Haugen er sjef for tryggleiken under festivalen Tall Ships Races i Ålesund i sommar. Han er særleg opptatt av at folk må vere merksame der det er mykje folk.

– Eg fokuserte på det han bad meg om, og då merka eg ikkje at det var heilt andre ting han forsynte seg med, ler Haugen.

Han ber folk vere særleg merksame i sommar når festivalsesongen står for døra.

– Der det er mange samla, veit vi at sjansane er større for å bli lurt, seier han.

– Og folk må vite at dei kan gjere nok sjølve for å inngå det, seier Quinn.

Quinn sine råd for å unngå å bli rana

  1. Hald avstand til framande
  2. Fordel pengane i fleire lommer heller enn å gå med lommebok
  3. Ha veska framme på kroppen og ikkje bak på ryggen
  4. Ikkje vis fram kva du har i lommeboka når du betalar