NRK Meny
Normal

Her blir Kristiansund mørklagt

NRK-journalist og fotograf Roar Halten tok oppstilling på Kvernberget på Nordlandet i Kristiansund fredag. Derifrå filma han «natta» senke seg over Kristiansund by – midt på formiddagen.

Created by InfoDispatcher

Halten tok filmen frå Kvernberget ved flyplassen, 205 meter over havet. Dette er det høgste punktet på Nordlandet og byens mest populære turmål.

Med speilreflekskamera på stativ tok Halten eitt bilete kvart 4. sekund. Omlag 46 minutt av solformørkinga er dermed blitt komprimert til 28 sekund.

Det ser kanskje litt mørkare ut på filmen enn folk opplevde det der og då, men slik er det kamera har fanga det med same lysinnstilling heile vegen.