Hopp til innhold

Sjå Ivar forsyne seg av julegåvene

Folk på julehandel slit med å krysse gata og kastevindar bles personar og gjenstandar over ende i Ålesund sentrum.

Ekstremvêret Ivar skapar utfordringar for folk på julehandel ved Kremmergaarden kjøpesenter i Ålesund.

Sjå Vegar Hakstad sin video frå det vindfulle gatekrysset i Ålesund.

Ein mann blåste av fortauet og ut i vegen i eit gatekryss i Ålesund sentrum. Ambulanse vart tilkalla og politiet er no på staden for å følgje med.

– Ein person vart blåst i bakken og ut i vegen. Han var teken inn på Kremmergaarden for undersøking. Ambulanse vart tilkalla, men skadane skal vere lette, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt.

Medan somme område ligg i le for vinden, har det vore spesielt kraftig vind i eit gatekryss mellom eit kjøpesenter og eit hotell i Ålesund sentrum under ekstremvêret Ivar.

– Det er ofte eit vinddrag ved Atlantica First Hotel og Kremmergaarden, men no er det ekstra sterkt, seier operasjonsleiaren.

– Vi får inn mange meldingar om stolpar, skilt, garasjar og liknande. Men bank i bordet, så har vi så langt ikkje fått opplyst om alvorlege skadar, seier Harang.

Det er venta at vindretninga snart vil endre seg på Sunnmøre, men operasjonsleiaren ber folk akte seg.

– Eg vil ikkje skremme opp nokon, men som gode nordvestlendingar bør ein bruke sunn fornuft. Dei som ikkje må ute i open natur av ulike grunnar, bør halde seg i ro.

Sjå korleis den sterk vind skapar utfordringar for folk i Notenesgata i Ålesund under ekstremvêret Ivar:

Sterk vind i Notenesgata i Ålesund under ekstremvêret Ivar.

Sterk vind skapar utfordringar for folk i Notenesgata i Ålesund under ekstremvêret Ivar. Foto: Tor Siverstøl/NRK