Hopp til innhold

Sjå NRK-sendinga frå Kristiansund: Rosar dugnadsånda som har samla Nordmøre

KBK-supporter Hallgeir Røsand meiner Kristiansund Ballklubb har klart å samle heile Nordmøre. No håper han fotballen kan vere med på å stagge konfliktar mellom regionane i Møre og Romsdal.

Hallgeir Røsand, KBK-supporter

KBK-supporter Hallgeir Røsand har tidlegare reist til Molde for å sjå eliteseriefotball. No gler han seg over å få toppfotball i eigen region.

– Eg trur idretten er det som samlar folket og kanskje kan bli ein brubyggjar mellom regionane. For vi er ikkje tente med å krangle, vi er tente med å stå saman, meiner Røsand til NRK før kampen mellom KBK og Molde.

Averøyingen blei intervjua i direktesendinga til NRK i Kristiansund før eliteserieopninga i nordmørsbyen. Han rosar KBK og Kristiansund for å ha tatt tak i nabokommunane, samstundes som han trur dugnadsånda har hjelpt veldig.

– Det får med seg folket rundt, averøyingane, smølingane, tustningane, aurgjeldingane, tingvollingane! Alle kjem til Kristiansund i dag, og så har vi Sunndal og Sunndalsøra representert i byen, seier Røsand.

Kjell Neergaard

Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard gler seg stort til kamp.

Foto: NRK

Kan bli nokre tårer

Håvard Ketil Sporsheim og Rune Hustad frå NRK har tatt temperaturen i Kristiansund før den historiske opningskampen mellom KBK og Molde. I tillegg til Røsand var Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard gjest.

– Vi har gledd oss til dette heile vinteren og no er vi her. For oss er dette heilt fantastisk, gliste ordføraren, som trur det litt sure vêret berre er positivt.

– For spelarane er det godt spelevêr. Eg har sjølv vore fotballspelar og lett duskregn er beste måten å spele fotball på. Men vi har tak rundt heile stadion, så alle vil sitje tørt. Det vil bli elektrisk stemning på stadion, meiner Neergaard.

4104 billettar har blitt rivne bort før opningskampen. Den siste tida har fotball vore samtaleemne kor enn ordføraren har gått. På kampdagen er det ekstra spesielt.

– Eg er rørt, eg skreik mine modige tårer då vi rykka opp og på opprykksfesten. Du skal ikkje sjå bort ifrå at det kjem nokre tårer når KBK-hymnen blir spelt heller, for dette blir fantastisk.

Lokaloppgjeret og serieopninga mellom Kristiansund og Molde startar 18.00. Du vil få reaksjonar og referat frå kampen her utover kvelden.

  • Sjå heile NRK-sendinga i opptak:
NRK er i Kristiansund for å ta temperaturen før den historiske eliteserieåpninga mellom Kristiansund og Molde