Hopp til innhold

Sjå kl. 13.00: Nettmobbing er eit aukande problem

Vi sender direkte for å sette fokus på dei alvorlege konsekvensane av mobbing på nett.

Temasending om nettmobbing. Vi snakker med skoleelever, lærere, lærerstudenter og politiet om mobbing via internett.

Jannicke Farstad leiar den direktesende nettsendinga om mobbing frå klokka 13.00.

I dag arrangerer NRK temadag om nettmobbing for å sette fokus på ulike aspekt ved mobbing på nett. Dette skjer i alle NRKs kanalar gjennom heile dagen, og alle som vil kan sende inn spørsmål eller fortelje om opplevingane sine.

NRK Møre og Romsdal sender direkte på nett frå klokka 13.00. Programleiar Jannicke Farstad vil leie den halvtimelange direktesendinga.

Vi er direkte inne frå Volda ungdomsskule og får høyre dei erfaringane som elevar og lærarar ved skulen har knytt til nettmobbing.

I tillegg kjem Øyvind Vebenstad frå politiet si førebyggande avdeling kome for å snakke om problemet. Politiet blir dagleg kontakta av personar som blir mobba på nett, og følgjer nøye med på korleis denne mobbinga utviklar seg i takt med den digitale utviklinga.

Målet med sendinga er å gjere folk merksam på korleis mobbing på nett går føre seg, og kor brutalt denne typen mobbing faktisk kan vere. I tillegg ønskjer ein å gi råd til kva ein kan gjere dersom ein blir utsett for nettmobbing, og korleis ein bør oppføre seg på nett.