Hopp til innhold

Sjå det spektakulære nordlyset

Seint onsdag kveld kunne ein sjå nordlyset danse over himmelen. Det fekk folk fleire stadar i fylket til å ta fram kameraet. Sjå dei flotte bileta her.

Nordlys
Foto: Otto Botnen

Nordlys er eit lysfenomen som kjem når energirike partiklar blir slynga frå sola mot jorda.

Det oppstår i den øvre polare atmosfæren, mellom 80 kilometer og sjeldan over 500 kilometer over jordoverflata, når elektron og proton kolliderer med atmosfæregassen. Gassen får energi som blir sendt ut igjen i form av lys.

Sola og jorda styrer nordlyset

Fargane i nordlyset er eit linjespektrum som dekker heile området frå ultrafiolett til infraraudt. Dei mest vanlege fargane vi ser er grønt, raudt og blått.

Sola styrer intensiteten i nordlyset, og magnetfeltet i jorda bestemmer kvar nordlyset dansar.

Det latinske namnet på nordlys er «aurora borealis». Det same lysfenomenet er òg kalla sydlys, eller aurora australis, når det er på den sørlege halvkule, og begge er polarlys.