Sjå det fargerike olabilløpet!

Trass regnet hadde mange møtt opp til olabilløp i Ålesund sentrum 16. mai. Bilane var i alle slags fargar og fasongar.

Marcus Vestre Sekkeseter vann pris for å ha den finaste olabilen.

VANN: Markus Vestre Sekkeseter fekk den gjævaste pokalen, nemleg prisen for beste olabil.

Dag Halkjelsvik

ARRANGØR: Dag Halkjelsvik frå NAF Ålesund var arrangør av olabilløpet, og han var særs nøgd med arrangementet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

15 olabilar var med på olabilløpet i Ålesund. Dei køyrde gong etter gong, og det var mogeleg å vinne pris for både det kjappaste løpet og for den beste olabilen.

– Me er kjempenøgde! Det var veldig mange bra bilar. Folk har lagt ned kjempemykje arbeid, seier arrangør Dag Halkjelsvik.

– Dei må ha brukt mange timar og må ha jobba i vekevis, både foreldre, besteforeldre, seier han.

Sjå video frå nedfarten:

Created by InfoDispatcher

FULL FART: Det var mange som fekk god fart på olabilane sine under olabilløpet den 16. mai.

God stemning

Bilane var gjennomførte med mykje detaljar som lyd og lys, og mange hadde også eigne jakker for sitt lag. Då er det kanskje ikkje så rart at mange også hadde møtt opp som publikum.

– Det var god stemning, og det var heiagjeng også. Det var så kjekt at me nesten ikkje la merke til regnet, seier Halkjelsvik.

– Eg håpar me kan få det til slik at dette vert ein årleg happening, seier han.

I god behold etter uhell

Under olabilløpet hadde ein av olabilførarane eit uhell og rulla rundt. Faren hans fortel til NRK at guten har det bra og at dei er nøgde med oppfølginga frå arrangøren.

– Røde Kors var raskt på plass og tok seg godt av han, fortel faren.

Sjå bilete frå olabilløpet: