Hopp til innhold

Sjå dei tøffe kvalbileta - du får lyst til å symje saman med kvalane

Grindkvalen er venleg og nysgjerrig, og likar godt å få selskap i fjorden meiner akvarist. Når kvalen legg seg til ro for siesta, kan du få nærkontakt og symje saman med dei.

Video kvaler

Dette er grindkval i vartdalsfjorden på Sunnmøre sist fredag. Det er høgsesong med kvalar i Vestlandsfjordane, og det er fullt mogleg å symje saman med dei.

Hjå den tidlegare leiaren ved Atlanterhavsparken, akvarist Jan Einarsen, tikkar det inn meldingar om stort besøk i fjordane i desse dagar. Grindkvalen likar seg best i flokk og kjem gjerne saman med hundretals av sine slektningar. Difor kan det by på eit uventa syn frå land.

Jan Einarsen

Jan Einarsen elskar å symje med kvalar.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK
Jan Einarsen på kvalsafari

Jan Einarsen har kval i sikte.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK
Grindkval i Storfjorden

Slik såg det ut då grindkvalen var i Storfjorden for to år sidan.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK
Grindkval fotografert under vann

Grindkval fotografert under vatn.

Foto: Morten Klæbo

– Grindkvalen er ein ordentlig feinschmecker og vil helst ikkje ha noko anna enn sild, brisling eller akkar. Dei er nomadar som reiser rundt og lever på vandring. November plar vere sesongen for grindkvalen her i Møre og Romsdal, men denne helga har dei tatt seg ein to dagars kvil i Storfjorden, fortel Einarsen.

Kvalelåt

Kvalen skyt vannsøyler i lufta og frå strandkanten kan ein høyre korleis dei «snakkar» saman. Det går å kjenne dei att på den svarte ryggfinnen, men generelt veit ein at det er grindkval ein ser dersom dei kjem i store grupper.

For dei som vil ta ein nærare titt er det absolutt råd å helse på kvalen, fortel Einarsen. Med litt planlegging og rett utstyr, og kanskje ein dose galskap, er det ikkje noko i vegen for å ta ein symjetur.

– Det er ikkje vits i å gjere eit forsøk når dei er på vandring, for dei er reist før du rekker uti vatnet. Når dei stoppar opp og strekkjer på seg kan dei ligge stille i nokre timar på ein slags siesta. Det er rette tidspunktet for å legge ut på symjetur.

Snill og nysgjerrig

Kva kvalar angår lovar akvaristen at dette er ein av dei mest venlege og nysgjerrige artane, spesielt dei unge skal vere ei oppleving å ta ein dukkert med.

– Det er godlynte dyr som kan kome heilt inntil og helse på, dei held til og med augekontakt. For to år sidan var eg ute og symja lag med dei, då vart eg omkransa av fem til seks kvalar, fortel Einarsen.

Har båten klar

Dersom vatnet vert vel kaldt for ein skuelysten eventyrar, er det eit godt alternativ å ta ut ein liten båt. Ein skal nærme seg forsiktig og sjå det litt ann, men kvalane kan kome heilt tett inntil båtripa ifølge eksperten.

– Noko av det som gjer kvalen så spektakulær er nettopp det at den har så venskapeleg lynne og tar godt imot besøk. Eg vil gjerne at folk melder frå dersom dei ser kval. Viss det passar seg slik vil vi gjerne reise ut på ny, seier Einarsen.