Sjå dei enorme øydeleggingane etter flaumen

I midten av august hølja regnet ned, og mange elvar gjekk over breiddene og fann nye løp. i dag har politiet offentleggjort ein dronevideo som viser dei enorme skadane.

Kraftig regn har ført til enorme skadar i Storelva i Barstadvika.

Desse bileta er frå Storelva i Barstadvika i Ørsta. Her er store landområde og bruer øydelagde.

Folket i området bed no storsamfunnet om hjelp til å sikre elva for framtidige flaumar.

– Dette er dei mest omfattande skadane i eit vassdrag eg har sett i mi tenestetid. Det er ei alvorleg skadehending. No er det viktig å få utbetra skade i elveførebygging og få reinska elveløpet på sentrale punkt, seier lensmann Guttorm Hagen til NRK.

Gå til forsiden

Sjå politiet sine bilete frå skadane

Flomskader Barstadvik

Sjå politiet sine bilete frå skadane

18 bilder

    Videoen er rekvirert av lensmannen i Ørsta for å få oversyn over dei enorme skadane. Opptaka vert ein viktig del av vurderingsgrunnlaget for lensmannskjønnet neste veke. Den første synfaringa med skjønnsmenn skjer tysdag 30. august.

    – Det er krevjande å halde skjønn etter ein skade i eit elveløp. Ikkje alle skadar blir erstatta, fortel Hagen.

    Skadane som kan bli erstatta av Naturskadefondet gjeld øydelagde og skadde elveførebygningar og skade som truar busetnad, vegar og bruer.

    Vegvesenet har alt gjennomført strakstiltak på tre punkt. Det gjeld Erdal bru, fylkesvegen på Barstad og ved hovudvegen E39 nede i bygda.

    – Utfordringa no er dei store mengdene med lausmassar som ligg mellom elvebredda og førebygningane. Dette kan føre til vanskar i neste flaum, seier Hagen.

    Også vassverket i bygda er truga av flaumskadane. Det er store skadar i nærleiken av pumpehuset der det er bora etter vatn.

    – Viss vi ikkje får ordna opp i dette vil det oppstå problem også ved neste flaum. Her er stort skadepotensial om det ikkje blir gjort noko, seier lensmann Guttorm Hagen.

    Det er også gjort store skadar på innmarka på garden Erdal. Her blir det eigne synfaringar og eit eige skadeoppgjer.

    Siste video/lyd

    Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
    Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
    Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.